Koseringen

torsdag, januar 26, 2006

Melodi Grand Prix - Reklame!

I morgon er ein flott dag mine venner. Men for mange kan kanskje denne dagen bli litt øydelagt eit usedvanleg vanskleg val som oppstår når du sit framfor TV'n og klokka tikkar mot åtte. Dette valet har eg, som dykkar insider i den store tunge TV bransjen, tenkt å hjelpe dykk med.

For det er ikkje kvar dag ein har dette valet. I morgon befinner MPG seg i Bergen, eller kanskje meir nøyaktig i ein idrettshall i Fyllingsdalen. Idol er i Oslo(?) og ikkje ein gong direkte. Medan det frå Framohallen i fyllingsdalen vert sendt livetv med sangare i mykje snålare klær enn ho - Æ e så jævli flink te å syng - trønderen vi såg på onsdagens idol sending og herlige refreng som: Shut up and kiss me... sending out an sos.... og for ikkje å snakke om vårt kjente bysbarn Tor Endresen som slår til med sangar i det kvalitietssjikte som bare han og Rune Larsen befinne seg i.

Dessutan kan dykk vente dykk ikkje så reint få Bææærgens vitsar, og for ikkje å snakke om vår alles Jostein Pedersen. Så her har ein meir enn nok å bli raud i kjakane av. Men no kan eg dessverre ikkje røpe noko meir, då eg er underlagt streng teieplikt.

Det kan kanskje bli litt keisamt med idol i lengden. Så kvifor ikkje la Jostein Pedersens syrlige kommentarar verte ei hyrestund av eit avbrekk frå den vanlege Idol fredagen?

Kos dykk! ( Rulleteksten er viktigast! )
Beste helsingar frå symjaren med ledningar på kamera 5!

3 Comments:

  • Må si dette blir et vanskelig valg. Vi syng tross alt "Ingen er så nydelig som du" i AR og har fin plakat av Endresen på do.. Men det som virkelig lokkar er å se deg svette for å holde følge med kameramannen i kulissene, men det er vel tvilsomt at det kjem på skjermen når Jostein Pedersen er i fokus.. Kanskje eg svippa innom rulleteksten :)

    By Blogger Anders, at 11:04 p.m.  

  • Om ikkje anna lyt ein prøva å få med seg rulleteksten, det å sjå vår alles favorittsymjar blandt alle desse internasjonale storhetane er ei ære for oss alle:
    Kamera mann Tor Bjørn Fjelle Stad!

    By Blogger Bjørnar, at 11:16 a.m.  

  • Grunna eit program om svette menn som kastar ball til kvarandre, kjem dagens idolsending fyrst klokka 22.30. Det er difor fult mogleg å få med seg både idol og melodi grand prix.

    By Blogger Bjørnar, at 11:41 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home