Joggeraport, fredag 10. feb

Deltakarar: Anders, Torbjørn og Bjørnar
Tid: 45 minutt
På denne kvelden då dei olympiske vinterleikane startar i Torino bestemte tre unge menn i Bergen seg for å legge ut på joggetur. Gripne av den olympiske ånd la dei ned ein innsats som sjølv garva toppidrettsutøvarar som for eksempel den norske flaggebæraren under kveldens åpningssermoni, Pål Trulsen (bildet), ville blitt imponert av.
Turen gjekk frå Ponderosa og vidare langs store Lungårdsvann til vi kom til ei merkeleg bygning. Anders kunne fortelle at dette var Regnhytta, som skal være litt av ein opplevelse å oppsøke når det regnar. Både Bjørnar og Torbjørn synes det var svært interesant å høyre om dette.
Vidare gjekk turen tilbake langs Kalfarsveien (eller ein annan veg, fikk ikkje heilt med meg akkuart kva navn vegen hadde) og gjennom uoversiktelige laberintar før vår vegar skiltes på festplassen. Siste kraftanstrengelse var ein langspurt tilbake til Ponderosa. Torbjørn vant denne med ein liten halvmeter.
Vel innandørs blei det uttøying. Alle var einige om at det var ein fin tur.
7 Comments:
God rapport, Bjørnar. I morgon er det atter mandag.
By
Anders, at 6:35 p.m.
Ja, det er godt å sjå at the jogging show must go on sjølv om somme er på besøk hjå mor.
Dersom team Strangehagen lurer på kva tid eg kjem heim, så er det i morgon tidleg - i rett tid til førelesing kl 10.15. (Mobilen min er tom for straum grunna gløymd ladar, og nettopp i slike krisesituasjonar er Koseringen god å ha til å formidla viktig informasjon til familien heime i Strangehagen.)
By
Håkon Påkon, at 8:09 p.m.
Har det ikkje skjedd tidligere at mobilen din på mystisk vis er blitt tom for støyt..?
By
Eirik, at 9:55 p.m.
Jo, men eg trur ikkje straumtapet denne gongen kvalifiserer på like god måte til Dusteprisen :)
By
Håkon Påkon, at 12:09 a.m.
Men dusteprisen kan eg kanskje stikke av med... Gjerne uten forklaring. Dersom forklaring ønskast er det berre å skrive: Forklar deg torbjørn under her.
By
Torbis, at 11:22 p.m.
har eg fått bilde no?
By
Torbis, at 11:36 p.m.
Forklar deg Torbjørn under her
By
Eirik, at 10:22 p.m.
Legg inn en kommentar
<< Home