Koseringen

lørdag, august 26, 2006

Helsetrøyetrening mandag 28.08

Det er herved lagt ut forslag om fotballtrening på Møhlenpris klokka 08.00 mandag 28 august. Tidspunktet er grunna at mange skal ha forelesning klokka 10.15. Dei som ikkje møter opp kan vente seg straffereaksjonar frå klubben.

PS: Om nokon føler seg ekstra mykje som morgonfuglar, er det mogleg å møte opp ein halv time før. Då kan vi få spelt endå litt meir, og likevel få 10 minutt ekstra til å fiffe hiden.

7 Comments:

  • Fotballanlegget på Møhlenpris opnar ikkje før klokka 08.00 om morgonane. Dette av hensyn til naboar som gjerne vil sleppe høgrøysta fotballsparkarar alt for tideleg på morgonkvisten.

    Som ein av Helsetrøye United sine grunnleggarar burde du ha kunnskap om dette, Snorre.

    By Blogger Bjørnar, at 10:11 p.m.  

  • Dette er uproblematisk. Den lille bana (som vi brukar) er tilgjengeleg allereie kl 0700. Og vi burde vel klare å vere stille ein liten halvtime? Prøvar du å sluntre unna ein halv time av treninga eller? :)

    By Blogger Snorre SR, at 11:49 p.m.  

  • Her tek du skammeleg feil. Den mindre bana er rekna som ein del av heile anlegget, og opnar først klokka 08.00.
    Dette er også opplyst ved skilting på den mindre banas gjerde.
    Det kan også opplysast om at snus, tyggis, hundar og hestar ikkje har tilgjenge.

    Og dessutan, fotball klokka 08.00 er ein fin start på dagen for kjekk og sprek ungdom, medan fotball klokka 07.30 minnar mest om ei psykotisk tvangshandling. Det meinar no eg.

    By Blogger Bjørnar, at 12:31 p.m.  

  • No gjer du ting usedvanlig vanskeleg som vanleg, men det går greit. 0800 er nytt treningstidspunkt, så kan dei som er lysten på litt meir trening møte opp ein halv time før. Er det greit no din stabeis? :)

    By Blogger Snorre SR, at 2:05 p.m.  

  • Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    By Blogger Bjørnar, at 2:43 p.m.  

  • Dette er usakelige personangrep.
    Eg opplyser berre om fakta, lissom.

    By Blogger Bjørnar, at 2:46 p.m.  

  • Det var absolutt ikkje meint som personangrep:) Ikkje meir enn sarkasmen i din kommentar ihvertfall. Men no har eg ringt litt rundt, og det er ingen problem med at nokon byrjar halv og nokon heil, så då burde det vere greit.

    By Blogger Snorre SR, at 4:02 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home