Koseringen fram til no

Ja, slik ser altså aktiviteten hittil i Koseringen ut. Anders hadde ein spanande post om dette for ein god stund sida, og eg tenkte det kunne vere ein idè og ta ein liten oppsummering no igjen. Ein interessant fakta er det at dei med forbokstav langt framme i alfabetet postar mest, medan dei som har forbokstav seint i alfabetet postar middels mykje. Dei med forbokstav "litt ute i" postar derimot lite.
3 Comments:
Eg trur dette skal vere eksakt, men om nokon vil er det berre å kontrolltelle. Strengt talt har eg vel 19 post etter denne.
By
Snorre SR, at 4:00 p.m.
Sjå der du! Det er jaggu ikkej mange statistikkar eg ligg øverst på :)
Men korleis forklare dette?
I farta kjem eg på fire moglege forklaringar:
1. Eg er ualminneleg tøff.
2. Eg har mange interesanne betraktningar om livet eg vil dele med andre.
3. Eg har for lite å gjera på.
4. Eg har mykje å gjera på, eg berre disponererar tida mi feil.
By
Bjørnar, at 4:14 p.m.
Kva er så forklaringa på dei to jumboplasseringane på lista? Er det arv eller miljø som har ført til ei slett bloggingsaktivitet på Koseringen? Arvelege faktorar eg kjem på kan vere ei relativ låg kroppshøgd (les: 1,71 m). Miljømessige og psykologiske årsakar kan vere låg sjølveksponeringstrong eller psykologiske følgjer av å bu på Gyldenpris.
By
Håkon Påkon, at 7:37 p.m.
Legg inn en kommentar
<< Home