Koseringen

torsdag, mars 08, 2007

Eg, ein gambler. Del II

Som dykk heilt sikkert ikkje huskar, så fortalte eg koseringen sin lesarar om mitt internettgamblingprosjekt i fjor haust ein gong. Eg satte då inn tusen kroner på ein konto hos ein av desse tvilsame, storkapitalistiske utsugarane som driv gamblingverksemd på verdsveven. Det har i ettertid vist seg at dette slett ikkje var ein dårleg ide, då eg i januar kunne ta ut 800 pengar frå spelekontoen, og framleis ha pengar att å spele for. Godt med pengar faktisk.

Avsporing:
Også andre ponderosianarar har freista seg som verdsvevgamblarar i det siste. Det har ikkje godt så bra. Ha Ha Ha!
Avsporing slutt.

Har eg hellet med meg i kveld, og Sevilla, Rangers og FC København vinn sine kampar i høvesvis UEFA-cupen og Royal League med meir enn eit mål (sokalla "handicapspel") kan eg dessutan plusse ein ekstra tusenlapp til overskuddet.

Konklusjonen er altså: Hurra! Endelig ein ting er er god til!