Koseringen

lørdag, april 21, 2007

Treningsrapport!

Stemninga var på topp. Helsetrøyene var på. Ein kunne sjå den sitrande erotikken i auga på hundene som fulgte med. Frå då ballen hadde begynt å rulle var det ingen vei tilbake.

Dagens treningsøkt byrja med lett jogg bort til bana (kremt), og fortsatte med kampar mellom 3 forskjellige lag, på henholdvis 4, 4 og 3. Intensiteten var høg og etterkvart uttrykte fleire at dei sleit med å holde oppe nivået. Svaret blei fysisk fotball, ingen finesse, berre harde dueller og brytekampar i kvart av hjørna på bingen. Dagens deltakare var:

- Bjørnar ”Nosejob” Kristiansen +5
- Snorre ”Thierry” Rustad +5
- Endre ”Klatremus” Refvik +5
- Jon ”PåLagMedVeggen” Halsne +5
- Jon ”Fysikk” Frøland +5
- Oddgeir ”Beinparade” Selaas +5
- Thomas "Christiano" Alsaker +5
- Dag ”Druse” Swahili +5
- Egil ”Økonomijeger” Sunde +5
- Kjetil ”Skulderpress” ? +5 (Vår spelar frå Elfenbenkysten, som har vist seg å slett ikkje vere frå Elfenbenkysten)
- Stian "Ryggsekk" ? +5

Klassiske augenblink:
Oddgeirs fabelaktige beinparade heilt nede i høgre hjørne står igjen som eit monument på kva Helsetrøye står for. Og det er ikkje smerte i lyskemuskelen når ein forsøker å gå ned i spagaten. Ellers må Dag og Jon H. sine fantastiske langskudd nemnast, enten via stonga eller tverrliggjaren. Endre viste fabelaktige atletiske evner då han klatra ned ein 90 graders fjellvegg for å hente ein av ballene sine, og med ei rekke Maradonna-finter (også kjent som Ronaldinho-finter) viste han det fram på bana også. Thomas leikte seg også med sin slepne teknikk, og det store forbildet C. Ronaldo ville våre nøgd men hans lekre raid, og fiffe toucher. Han hadde nok blitt meir nøgd om Thomas kopierte han på alle felt (sminke, smykker, ekkel sveis), men det fins alltid ein neste gong.

Nykommaren Egil oppførte seg slett ikkje som ein nykommar og la seg bakpå sentralt å styrte som berre der Kaiser, Franz Beckenbauer kunne. Kjetil viste også at fysikken var hans største forse, då han gang på gang omtrent løfta Oddgeir frå bakken i hjørneduellene deira. Undertegnede (Snorre) kan sjå tilbake på eit ekstra flott mål, då han avgjorde med ein markkrypar i lengste hjørne. Jon F. ga mykje bank før han bestemte seg for å gi seg litt tidlig.

Ei flott trening i dag gutar!
(Denne treningsrapporten vil etterkvart bli tilgjengeleg på den offisielle sida)

onsdag, april 18, 2007

Venner av Shake-a-leg samler seg på nett!


Endelig har det blitt opprettet en egen gruppe for oss som liker å danse Shake-a-leg på fest eller utenom fest. Gruppen ligger på Facebook, og dersom du ikke allerede er invitert er det bare å søke den opp og bli med! Diskusjonsforumet er allerede i gang, med innlegg som "Din beste Shake-a-leg", "Dansens orginale elementer" og "Beste musikk til Shake-a-leg". Inviter dine venner, og kom og dans!

lørdag, april 14, 2007

Endeleg tilbake!

Endeleg blei det trening igjen! Gutta samla seg ved ballbingen som ligg oppe med Bergenhus festning (nei, ikkje Oskarsborg som eg har skreve på sida), for å kose litt saman med kvarandre og ballen. Dette lover godt for ein fotballdominert vår/sumarsesong! Heile treningsrapporten ligg ute på helsetroye.com

torsdag, mars 08, 2007

Eg, ein gambler. Del II

Som dykk heilt sikkert ikkje huskar, så fortalte eg koseringen sin lesarar om mitt internettgamblingprosjekt i fjor haust ein gong. Eg satte då inn tusen kroner på ein konto hos ein av desse tvilsame, storkapitalistiske utsugarane som driv gamblingverksemd på verdsveven. Det har i ettertid vist seg at dette slett ikkje var ein dårleg ide, då eg i januar kunne ta ut 800 pengar frå spelekontoen, og framleis ha pengar att å spele for. Godt med pengar faktisk.

Avsporing:
Også andre ponderosianarar har freista seg som verdsvevgamblarar i det siste. Det har ikkje godt så bra. Ha Ha Ha!
Avsporing slutt.

Har eg hellet med meg i kveld, og Sevilla, Rangers og FC København vinn sine kampar i høvesvis UEFA-cupen og Royal League med meir enn eit mål (sokalla "handicapspel") kan eg dessutan plusse ein ekstra tusenlapp til overskuddet.

Konklusjonen er altså: Hurra! Endelig ein ting er er god til!

fredag, mars 02, 2007

Film?

Endeleg i Bergen! Hardpornobutikk!
Her er det sikkert noko for ein kvar smak!

http://www.ba.no/nyheter/article2618664.ece

Eg veit ikkje heilt kva eg skal synast om dette. Spesielt dette utsagnet frå butikkinnehavaren får meg til å stusse: – Nå vil også kvinner se pornofilm. Derfor har mannekroppen blitt like viktig som kvinnekroppen i mange nye filmer.
Fysjameg!

søndag, februar 04, 2007

Laurdagskveld i Bremanger

Medan folk i meir urbane strøk kanskje nett no er ute og tek for seg av bylivet sine gleder, sit eg her heime på sofaen. Og når det no nærmar seg sengetid for kjekk ungdom i grisgrendte strøk, tenkte eg at det var på tide og oppsumera ein laurdag med mykje gøy på landet. For nett denne dagen har det faktisk vore Ungdomens Kulturmønstring i den spplitter nye fleirbrukshallen her i bygda, og eg har vore å sett på.
-Men kvifor går eg og ser på noko slikt då?, tenkjer du kanskje, for eg kan då vel ikkje vera så kulturinterresert, eg som ikkje går på HF eingong?
Nei, sei det, det finst vel ingen spesiell grunn, men eg fekk då med meg opptrednaden til bandet til mi kjære syster (dei gjekk faktisk vidare til fylkestevlinga i Førde), og eit musikalsk program som varierte frå musikalmusikk til Megadeth. Når det i tilleg blei servert kake og kaffi til ein rimeleg penge, blei det til samen ein triveleg kulturkveld.
Etter kulturopplevingane bar det heim att, til heimelaga pizza og Med Hjarte På Rette Staden på TV. Alt i alt, ein fin laurdagskveld i Bremanger.

mandag, januar 22, 2007

Helsetroye.com?!?!




Ja, no er altså den nye adressen klar! Sjekk den ut!