Treningsrapport!
Stemninga var på topp. Helsetrøyene var på. Ein kunne sjå den sitrande erotikken i auga på hundene som fulgte med. Frå då ballen hadde begynt å rulle var det ingen vei tilbake.Dagens treningsøkt byrja med lett jogg bort til bana (kremt), og fortsatte med kampar mellom 3 forskjellige lag, på henholdvis 4, 4 og 3. Intensiteten var høg og etterkvart uttrykte fleire at dei sleit med å holde oppe nivået. Svaret blei fysisk fotball, ingen finesse, berre harde dueller og brytekampar i kvart av hjørna på bingen. Dagens deltakare var:
- Bjørnar ”Nosejob” Kristiansen +5
- Snorre ”Thierry” Rustad +5
- Endre ”Klatremus” Refvik +5
- Jon ”PåLagMedVeggen” Halsne +5
- Jon ”Fysikk” Frøland +5
- Oddgeir ”Beinparade” Selaas +5
- Thomas "Christiano" Alsaker +5
- Dag ”Druse” Swahili +5
- Egil ”Økonomijeger” Sunde +5
- Kjetil ”Skulderpress” ? +5 (Vår spelar frå Elfenbenkysten, som har vist seg å slett ikkje vere frå Elfenbenkysten)
- Stian "Ryggsekk" ? +5
Klassiske augenblink:
Oddgeirs fabelaktige beinparade heilt nede i høgre hjørne står igjen som eit monument på kva Helsetrøye står for. Og det er ikkje smerte i lyskemuskelen når ein forsøker å gå ned i spagaten. Ellers må Dag og Jon H. sine fantastiske langskudd nemnast, enten via stonga eller tverrliggjaren. Endre viste fabelaktige atletiske evner då han klatra ned ein 90 graders fjellvegg for å hente ein av ballene sine, og med ei rekke Maradonna-finter (også kjent som Ronaldinho-finter) viste han det fram på bana også. Thomas leikte seg også med sin slepne teknikk, og det store forbildet C. Ronaldo ville våre nøgd men hans lekre raid, og fiffe toucher. Han hadde nok blitt meir nøgd om Thomas kopierte han på alle felt (sminke, smykker, ekkel sveis), men det fins alltid ein neste gong.
Nykommaren Egil oppførte seg slett ikkje som ein nykommar og la seg bakpå sentralt å styrte som berre der Kaiser, Franz Beckenbauer kunne. Kjetil viste også at fysikken var hans største forse, då han gang på gang omtrent løfta Oddgeir frå bakken i hjørneduellene deira. Undertegnede (Snorre) kan sjå tilbake på eit ekstra flott mål, då han avgjorde med ein markkrypar i lengste hjørne. Jon F. ga mykje bank før han bestemte seg for å gi seg litt tidlig.
Ei flott trening i dag gutar!
(Denne treningsrapporten vil etterkvart bli tilgjengeleg på den offisielle sida)
1 Comments:
Unnskyld, her var det usakleg mange skrivefeil! Til og med ein å/og feil. Det er berre pinlig. Gidde derimot ikkje å fikse det, så håpa det går bra.
By
Snorre SR, at 6:18 p.m.
Legg inn en kommentar
<< Home