Joggeraport måndag 13. feb
Deltakarar: Bjørnar og Torbjørn
Tid: 30 min
Årets, ja faktisk historias første heilponderosianske joggetur fant stad denne dag. I strålande måneskin satte vi ut frå Ponderosa med kurs for Regnhytta. Og vi hadde ikkje komme langt på vår veg før vi traff andre joggarar, som etter kvart viste seg å vere medlemmar av koseringen, avd. Strangehagen som også var ute å jogge denne vakre vinterdagen.
Etter dette hyggelege møtet gjekk turen vidare mot Regnhytta. Der blei det utøying og ein liten pust i bakken før vi satte kursen tilbake. Tilbaketuren forløp utan større hendingar å rapportere om, sjølv om enkelte i joggeekvipasjen hadde behov for fleire pustepauser enn det som strengt tatt skulle vere nødvendig.
Siste anstrengelse var den vanlige spurten tilbake til Ponderosa, også denne gang var det Torbjørn som tok seieren, men med både tjuvstart og aktiv armbruk som slett ikkje høyrer heime i vennlig kappestrid, vil nok denne seieren alltid vere svært omstritt.

1 Comments:
Ingen joggerapport frå Starngehagen? Då stemmer vel det som står i BT: at studenter er late...
By
Bjørnar, at 6:03 p.m.
Legg inn en kommentar
<< Home