Koseringen

fredag, september 29, 2006

La det bli lys...

Og det blei lys! På badet.

Takk til Torbjørn for redskap og manuell arbeidskraft, og, i all audmjukheit, meg sjølv for finansiering.

Rspekt? Rspekt!

mandag, september 25, 2006

Ferdig

Klokka er 06.28
Eg er ferdig.
Heilt ferdig..

søndag, september 24, 2006

Eg, ein gambler

Ja, eg har no falle for freistinga og registret meg på ein av desse spelebulen på verdsveven. Korleis skal no dette gå?
Med overskudd, forhåpentligvis.

Nyhende om min nye rikdom eller tragiske fattigdom vil kome etterkvart som pengan ruller inn eller ut av konto.

mandag, september 18, 2006

Frustrasjonspost

Hei, eg skal vere kort og konsis, sånn at dykk ikkje unngår å lese Bjørnar sin morosame post nedanfor (med fifft bilete). Eg legg herved i frå meg organisatorbindet når det gjeld Helsetrøyetreninger framover. Jobben har blitt ein belastning for meg, og eg trur det beste eg kan gjere er å ta ein timeout. Er det nokon som har forslag til ein arvtakar? (Stillinga innbefatter å ta imot uendeleg mange uklare beskjeder.)

Her skulle ein ha vore!


Eg kan iallefall komme på ein person eg trur hadde trivst utmerka godt på dette arrangementet. Dei fleste skjønar nok kven eg siktar til.
Biletet er henta frå Oktoberfestivalen i Mûnchen, som er godt i gang, sjølv om vi forstsatt skiv September. Dette virkar for meg som eit utmerka tilltak for mellommenneskeleg kontakt og forståelse, kanskje noko ein burde forsøka og arrangere her i Bergen også?

mandag, september 11, 2006

Helsetrøyedilemma

Eg legg herved ut ein brannfakkel ang. temaet om Helsetrøye sine treningstider. I dag vart det berre 4 stk på morgontreninga (som forøvrig gjekk bra), og det blir litt lite. Så, kass morgon passar det for dykk der ute i vekene som kjem? Post ein kommentar, og eg skal legge dykk inn i "tabellen".


PS: Ikkje freak ut. Det er berre snakk om ein treningsmorgon i veka. Vi vil ikkje bli "fit" heller.

søndag, september 10, 2006

Helsetrøyetrening 11 sept.

Her i Ponderosa sitt båe eg og Bjørnar og jobbar iherdig med oppgåver som skal vere ferdig til mandag, og på tross av dette er vi klar for fotballtrening tidleg imorra. Vi møter opp til vanleg tid på Møhlenpris Kunstgressbane for ballmoro saman med verdas fiffaste fotballag.

Følgjande er berett og ganske snygge:
Bjørnar
Snorre
Endre
Torgeir
Eirik (Torgeirvenn)
Anders
Kjell Erik
Jon F.

PS: Torbjørn blir ikkje med på treninga. Fråværsgrunn: Raudt hår.