Koseringen

søndag, februar 04, 2007

Laurdagskveld i Bremanger

Medan folk i meir urbane strøk kanskje nett no er ute og tek for seg av bylivet sine gleder, sit eg her heime på sofaen. Og når det no nærmar seg sengetid for kjekk ungdom i grisgrendte strøk, tenkte eg at det var på tide og oppsumera ein laurdag med mykje gøy på landet. For nett denne dagen har det faktisk vore Ungdomens Kulturmønstring i den spplitter nye fleirbrukshallen her i bygda, og eg har vore å sett på.
-Men kvifor går eg og ser på noko slikt då?, tenkjer du kanskje, for eg kan då vel ikkje vera så kulturinterresert, eg som ikkje går på HF eingong?
Nei, sei det, det finst vel ingen spesiell grunn, men eg fekk då med meg opptrednaden til bandet til mi kjære syster (dei gjekk faktisk vidare til fylkestevlinga i Førde), og eit musikalsk program som varierte frå musikalmusikk til Megadeth. Når det i tilleg blei servert kake og kaffi til ein rimeleg penge, blei det til samen ein triveleg kulturkveld.
Etter kulturopplevingane bar det heim att, til heimelaga pizza og Med Hjarte På Rette Staden på TV. Alt i alt, ein fin laurdagskveld i Bremanger.