Koseringen

tirsdag, februar 14, 2006

Dusteprisen for februar

Oki vi nærma oss ny dustepris.. og i den anledning tenkte eg å starte ein liten tråd slik at vi kan finne ut kven som utmerkar seg til denne hedersprisen.

Derfor tenkte eg at eg skulle starte med å nominere meg sjøl. Det har seg nemlig slik at under opplæringa i student tv vart det skreve opp eit kontonummer som vi alle skulle betale den årlige medlemskontigenten på.

Flink som eg var noterte eg flittig dette kontonummeret ned i boka mi. Seinere under opplæringa "lånte" Daniel (type svardal 83 modell frå vår fødeby) den samme kladdeboka. Då eg fekk den tilbake hadde Daniel den klassiske eg-har-i-vært-fall-ikkje-gjort-nokke-galt looken. Men etter ein kjapp gjennomgang av boka slo eg meg til ro med at ingen større skade hadde skjedd. Trudde eg.

Men då eg, treig som eg er, ei uke seinere skulle betale inn medlemskontigenten. Slo det meg at kontonummeret til studenttv var utrolig likt mitt eget kontonummer i vår alles kjære lokale sparebank.

Men herre det er jo sikkert mengder av kontonummer som begynner på dei same tala tenkte eg og betale pliktoppfyllande min medlemskontigent. Nokre dagar seinare ringte Daniel nesten på gråten av latter og lurte på om eg hadde lyst at han skulle sette tilbake mine 150 kroner til min egen konto. Å grunnen til at dette kanskje kvailifiserer til månadens dust ser dykk av bilete av kontonummeret frå kladdeboka mi.

3 Comments:

  • Haha! Meget meget bra, unge Hr. Fjellestad. Din nominasjon er herved notert - god vurderingsevne.

    By Blogger Anders, at 12:00 a.m.  

  • Som eit tillegsargument for at unge Hr. Fjellestad skulle kunne får dusteprisen for februar kan det nevnast at han her om dagen ikkje fant telefonen sin, og derfor ba om å få låne min for å lokalisere sin eigen ved hjelp av oppringing, for så og gå etter lyden. Ein smart plan som fungerte utmerka. Det dustete her er at Hr. Fjellestad gløymte å legge på etter å ha brukt min telefon. Resultat: "Siste samtale kostet 17 kroner og 42 øre"

    By Blogger Bjørnar, at 2:12 a.m.  

  • Takk for den, Bjørnar - det er notert.

    Mvh
    Juryformand DP Feb
    Anders

    By Blogger Anders, at 2:58 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home