Kritikkverdig ettermiddagsunderhaldning

Fredag er ein god dag for TV-underhaldning, og denne var ikkje noko unntak. Eg tok tidlig bussen ut til Osterøy for å møte mi kjære (og litt slakke) Charlotte på den vene vakre øya. Kvelden på Valestrand byrja som vanlig når eg er der ute, vi satt oss rett ned foran tven så fort vi hadde tråkka ut av skoa.
Etter ein god del amerikansk tullball, nyhende og dårlege diskusjonsprogram var det tid for Hotell Cæsar. Sjølv om eg klarte å kvele begeistringa i forhold til frøken Skaar, var eg litt glad inne i meg over at vi endeleg kunne sjå korleis det gjekk vidare med Anker-Hansen familien. Men så kom sjokket.
Makan til suspekt TV skal ein leite lenge etter. Kveldens episode hadde alle ingrediensane for å bli bannlyst frå einkvar TV-kanal med respekt for seg sjølv (altså ikkje Tv2). Ein hund vart torturert i ein ovn, kraftig fysisk vold frå ein utlending (sjølvsagt?) og ikkje minst rystande dårleg skodespel. Eg skal ikkje ein gong byrje med sangstemmene til Vilde "Wildcat" (etter å ha vore i pornobransjen) og Storm (typisk narkoman). Nokon må ta eit grep.
2 Comments:
Her snakkar du om pornografi på TV, og så ber du folk om å ta "eit grep"? Grisegutt!
By
Bjørnar, at 11:32 p.m.
Og medan ein sankkar om suspekt TV-underhaldning: Hope and Faith - episoden i går innheld ikkje mindre enn tre urineringsvitsar.
By
Bjørnar, at 3:14 p.m.
Legg inn en kommentar
<< Home