Vi snakker lørdagspizza
No er eg fullt klar over at laurdagspizzaen har blitt omtala før her på koseringen, men so vidt det kjem meg i hug, so var dette før den etterkvart velkjendte reklama med den etterkvart like velkjendte reklamesangen byrja å gå på tv, so eg trur at når eg no skriv om denne pizzaen er det i ein anna kulturell kontekst.
Digg med ekte biff, heiter det. Og det er jo for såvidt det. Men biffen på laurdagspizzaen var ikkje så digg, den var heller seig og ekkel. Men kjøttbollane var ganske gode. Rart at dei ikkje er nevnt i laurdagsgrandiosareklamesangen (koseringens lengste ord?). Det tala heller ikkje til måltidsopplevnaden sin fordel at det var hol på plasten som ligg rundt grandisen (forresten folkens, grandis eller grændis? Kjøyr debatt!) slek at den digge ekte biffen og kjøtbollane trilla rundt i embalasjen til allmenn underhaldning. Men sidan hygieniske matforholdsreglar er ein uting, tok eg ikkje dette så tungt.
Men smaken var skuffande, og ikkje eingong rjomedressingen som Torbjørn skryt slek av var til å bli imponert av. Det er nok best å holde seg til orginalen.

4 Comments:
GRANDIS!
Noko anna vil tilsi OSLO!
Og eg tror du mangle dygt på rømmedressinglaging... Den var betre den gong eg og mari laga den!
By
Torbis, at 11:04 a.m.
Lørdagspizza er heilt klart eit onde, både produktet og markedsføringskampanjen som har fulgt i ettertid. Kvifor ikkje berre halde seg til den orginale? Dersom ein stokkar om på orda i setninga "Ny type Grandiosa" får man desse resultata:
doen spya ytringa (do og spy i forbindelse med mat? æsj!)
dopinga styra yen (doping og børssvindel)
onani spray tygde (tygge onanispray?!?)
SJOKK OG VANTRO!!
By
Anders, at 12:57 p.m.
Självklart "Grandis"!
By
Håkon Påkon, at 7:19 p.m.
Eg er faktisk sjølv av den oppfatning at kortforma av Grandiosa er grændis, men kanskje med ei uttale som ligg nærare "grendis" enn "grændis".
Men eg fekk nok denne talefeilen under militærtjenesta i tjukkaste pannebånds-bærum, og vil gjere mitt ytterste for snarast å leegja om til mandig vestlandsdialekt igjen. Snøggast råd.
By
Bjørnar, at 12:11 a.m.
Legg inn en kommentar
<< Home