Koseringen

tirsdag, mars 28, 2006

Sei velkomen til Helsetrøye United!

På denne dag, tysdag den tjueåttande i tredje klokka 1911, kom Torbjørn med nyhende om at han skulle ut og spele fotball. Dette vakte gilde kjensler hos oss andre, som også fekk hug til å praktisere den fiffe sporten. Dermed bestemte vi oss alle for å opprette Helsetrøye United, eit alternativ for studentar som ikkje er medlem av nokon studentorganisasjon.

Helsetrøye United vil vere eit idrettslag som sett gleden av fellesskap, fysisk aktivitet og ljuda av brotne bein høgare enn noko anna. Rekruteringsperioden er i gong, det er berre og melde dykk der ute! Vi treng fleire spelarar og ikkje minst nokon som kan lede kondisjonstreninga. Om nokon skulle vere interesserte er det berre og ta seg ein 5-6-8-9-18 øl og ringe Torbjørn midt på natta for påmelding.

Hjarteleg helsing
The founding fathers
Bjørnar "Purrelauken" Kristiansen
Snorre "Avokado" Seim
Torbjørn "Gulerota" Fjellestad

4 Comments:

  • Velkomen, Helsetrøye United!

    Dette er noko vi har lyst å vere med på! Spesielt siden vi allereie har ein aktiv fotballspelar i leilegheten (Les: Kjetil).

    PS. Har kallenamna dykkar noko å gjere med utsjånaden på genitaliar? Det var det første som slo meg - kanskje eg er unormal. DS.

    By Blogger Anders, at 8:45 a.m.  

  • Kallenavna kan nok tolkast på ein tvilsom måte, men gjer ein det så seier det vel meir om den som tolkar enn tolkningsobjektet.

    Assosieringa med frukt og grønt er ein parallel til den sunne og asketiske livstilen vi praktiserer her i Ponderosa.

    By Blogger Bjørnar, at 1:26 p.m.  

  • Bjørnar er båe veltalande og klok. Kanskje han egnar seg best som lagkaptein?

    Eg held på med heimesida til laget no, den er så godt som ferdig. Har dykk i Strangehagen ynskjer til draktnumre? 10, 13, 14 og 17 er tatt :)

    By Blogger Snorre SR, at 2:22 p.m.  

  • Eg vil ha drakt nummer 2.
    Ein evig nr. 2, og alltid i forsvar.

    By Blogger Anders, at 7:23 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home