Koseringen

lørdag, april 29, 2006

Seriestart

I dag er det seriestart i Ponderosas favorittverdsvevspel, Hattrick. Dette spanande og interesanne spelet der ein styrer ein fotballklubb, og prøvar å fiffe laget sitt så fifft som mogeleg.
Mitt eige lag, Badeball United, har som mål å gjera det betre enn forrige sesong, då me rett nok enda på ein finfin femteplass, men kjempa for å unngå nedrykk heilt til siste serierunde i ein sesong prega av store økonomiske problem. No er desse problema utbetra, fire nye spelarar er henta inn, og eg statsar på ei plasering blandt dei fire beste. Mi største bekymring er mangelen på reserver for midtbanespelarane, så eg håpar å unga skadar. Eg har også tatt konsekvensane av globaliseringa, som ikkje berre representerar utfordringar for den europeiske velferdsstaten og for statens tradisjonelle volds- og skattemonopol, men også fører til at førstelaget mitt består av elleve forskjellige nasjonalitetar, og ingen nordmenn. Fargerikt fellesskap der, altså.

Eg vil også nytte høvet til å spørja mine medponderosianarar (og eventuelle andre hattrickarar, sjølvsagt) om det er interesse for eit innbyrdes meisterskap der me ein gong for alle avgjer kven som er den beste av oss. Kva seier dykk?