Bjørnar vs. Torbjørn
(Uavhengig illustrasjonsfoto)I ei lengre tid har Ponderosa vore full av diskusjonar vedgåande fotballferdigheitane til dei forskjellige som bur her. Bjørnar har hardnakka sagt at han aldri skal stå på ei fotballbane igjen om det viser seg at han er dårlegare enn Torbjørn. Torbjørn på si side er derimot like sikker på å sigre over den høge krølltoppen frå Bremanger. Kranglane har i blant vore så intense, at eg som objektiv tilskodar, har vore nødt til å skilje dei to kamphanane.
Døme:
Snorre: Eg trur det blir ein kamp mellom teknikk (Bjørnar) og kondis (Torbjørn).
Bjørnar: Eg trur heller det blir ein kamp mellom teknikk, overlegent overblikk, fantastisk fotballforståelse og styrke, mot raudt hår.
Glosane har hagla, og mange nye ord til den Norsk-Bremangerske ordboka har kome fram i lyset. Det einaste som gjenstår er å få prøvd ut kven som faktisk er best på bana. Derfor anmodar eg til ei tidlig fotballtrening så snart som mogleg. Eg veit det er midt i eksamensperioda, men vi må få klarheit ein gong for alltid kven som er den beste.
PS: Om dykk vil sjå meir om egenskapane til dei to, sjekk ut den offisielle Helsetrøye United sida.
2 Comments:
Å bruke tid og plass på verdveven for å diskutere ei slik sak synes eg er berre tull, i og med at utfallet av denne duellen så til de grader er gitt på førehand.
Og så må eg berre få komentere illustrasjonsbilete, som eg synast på ein god måte viser at langt hår slett ikkje alltid er like kledeleg på gutar..
By
Bjørnar, at 1:11 a.m.
Haha. Eg syns tvert om at bilete skildrar flotte unge gutar med fagert langt hår. Faktisk kunne dei nok vore eit ledd i ein shamporeklame om dei ville. Men om det er positivt eller ei, er opp til andre og bestemme.
By
Snorre SR, at 9:52 a.m.
Legg inn en kommentar
<< Home