Koseringen

mandag, august 28, 2006

Posar!

Posar, eller studentenes startpakke som det vel eigentleg heiter, blir delte ut utanfor SV-bygget. Så har du lyst på nokon drops som eigentleg ikkje er veldig gode, bernaisesaus, ein tepose, eit Bergensmagasin med urovekkande mange orddelingsfeil, eit festleg reklamehefte eller intimavask for menn, så er det berre å springe og hente.

lørdag, august 26, 2006

Helsetrøyetrening mandag 28.08

Det er herved lagt ut forslag om fotballtrening på Møhlenpris klokka 08.00 mandag 28 august. Tidspunktet er grunna at mange skal ha forelesning klokka 10.15. Dei som ikkje møter opp kan vente seg straffereaksjonar frå klubben.

PS: Om nokon føler seg ekstra mykje som morgonfuglar, er det mogleg å møte opp ein halv time før. Då kan vi få spelt endå litt meir, og likevel få 10 minutt ekstra til å fiffe hiden.

tirsdag, august 22, 2006

Kunngjeringar

Lite aktivitet på Koseringen so langt dette semesteret, men eg har eit par ting eg gjerne vil ta opp i dag.

1. Folk må skjønne at sjølv om den dei snakkar med befinn seg langt borte, så treng dei ikkje rope inn i mobiltelefonen. Iallefall ikkje rett utanfor vindauget mitt.

2. Folk som går veldig sakte i trange gater og fortau (eldre, folk med barnevogn, uføre o.l sjøvsagt utelatt) og såleis hindrar folk med vanlig gåtempo å komme forbi, bør gå fortare.

3. Folk bør sjølvsagt ikkje avrettast for å like ananas på pizza. Det er i sanheit ein fæsleg styggedom med ananas på pizza, men kan tilgjevast.

Takk.

tirsdag, august 15, 2006

Pokker! Dei veit sanninga om oss!


I desse studiestarttider kom eg over dette eksempelet på grundig og kritisk journalistikk frå TV2nettavisen:

http://www.side2.no/tvguide/article709275.ece

Og for min del stemmer det urovekkande godt med sanninga, spesielt når det gjeld MacGyver, 7th Heaven og Home and Away. Home and Away synast eg forøvrig er gyldig grunn til fråvær, det er det opp til fleire grunnar til...

Kva heiter du på utanlandsk?

Dei sportsintereserte av oss har kanskje fått med seg at det norske fotballlandslaget skal spela mot det tilsvarande brasilianske i morgon. I ljos av dette vil eg henlede merksemda mot verdsvevtjenasten BrazilName, som lar deg finna ut av nett kva du ville heite om du var ein brasilianske fotballsparkar. Kanskje noko for Helsetrøye United?

Tjensten er å finna på følgande verdsvevadresse:

http://www.minimalsworld.net/BrazilName/brazilian.shtml

Mitt eige navn er forøvrig Kristiansinho.

fredag, august 11, 2006

Homecomming!

We're komming home!
We're komming home!
Nananana Fottboolls komming home!

Jepp Jepp godtfolk!
Då har snart på tide å pakke tøfflane og marmeladen for i kveld vil Caza Ponderosa atter ein gong bli fylt med godt folk. Med bilar, båtar og bussar strøymer godtfolket til og eg må seie at eg gleiar meg valdsamt!

PS: Eg vil herved offisielt seie fra meg rollen som Captein on Helsetrøye Flaggskipet. I eit møte med oppmann Snorre Seim torsdag den 10.08 fann vi samråd ut at det nok kanskje var som medisinmann eg ville passe best inn. Men før eg avleverer det fiktive kapteinsbåndet vil eg kaste eit forslag i lufta. Vi skulle ikkje sende nokre godt skreve søknadar til diverse fond om pengar til drakter, drikkeflasker, kjeggler og stadion?