Koseringen

søndag, oktober 29, 2006

Gyldenprisvegen 19 i flammar!


http://www.bt.no/lokalt/bergen/article310153.ece

http://www.dagbladet.no/nyheter/2006/10/29/481137.html

http://www.ba.no/nyheter/article2377795.ece


Foto: Bjørn Otto Aarheim, BT

onsdag, oktober 25, 2006

Ein god lått forlengar liinga

Eg veit at det er få ting som er meir irriterande enn folk som driv å skal ha deg til å surfe deg fram til meir eller mindre morosame verdsvevlenkjer, men akkurat no synes eg nesten at det var på sin plass å gjera det:

http://www.youtube.com/watch?v=GdARoYT3cww

Det er skjemtegauken Rick Miller som framføre songen Bohemian Rhapsody med dei 25 mest irriterande stemmene i musikkindustrien.
Så har du fem minutt å slå i hel, og ynskjer å dra litt på smilebåndet, så er dette tingen for deg.

fredag, oktober 20, 2006

Skal vi danse?


I kveld skal Tone danse samba.

tirsdag, oktober 10, 2006

Hat det eller elsk det


Den 17. Desember kjem rapparen The Game til Bergen. Westcoast-tøffingen lanserar snart eit nytt album, som sikker er spekka med fete beats og sånne ting som kidsa digger.
Så kva seier dykk gutar, skal vi ringe jula inn med litt real westcoast attitude mofo gansta shit yoyo rap?

fredag, oktober 06, 2006

Koseringen fram til no


Ja, slik ser altså aktiviteten hittil i Koseringen ut. Anders hadde ein spanande post om dette for ein god stund sida, og eg tenkte det kunne vere ein idè og ta ein liten oppsummering no igjen. Ein interessant fakta er det at dei med forbokstav langt framme i alfabetet postar mest, medan dei som har forbokstav seint i alfabetet postar middels mykje. Dei med forbokstav "litt ute i" postar derimot lite.

Stein Rottan


Eg ville berre legge ut bilete her og. Håpar eg ikkje bryt nokre heilaga copyrightreglar i den for meg ukjende fotografverda når eg rått og brutalt stjel biletet frå ein anna blogg. Men eg ville altså vise heile verda at eg hadde rett.
Han finst!
Sanninga var faktisk der ute!

torsdag, oktober 05, 2006

Aviskrig i Sunnfjord


Den onde Førde-avisa Firda mot den trivelige Florø-avisa Firdaposten. Her snakkar vi om god presseetikk og sinte menn med slegge.
Les meir her:

Utanriks!


Våre venner i Nord-Korea truar med atomprøvesprengningar. Dette blir møtt med skepsis frå omtrent alle andre land i heile verda. Personleg vil eg stille spørmålet om kor fornuftig det eigentleg er, etter å ha streva så lenge med å skaffe seg desse våpena, å berre sprenge dei, alle desse fine rakettane.
Men alt er ikkje berre negativt. Kanskje kan dette føre til at vi med tid og stunder får nye episoder av MASH?

onsdag, oktober 04, 2006

Torbjørn har fått ny blogg! (For ein stund sida)


Eg vil gjerne benytte anledninga til å reklamere for Torbjørns nye blogg. For dei som ikkje har sett den, sjekk ut http://torbis.blogspot.com som har mykje fiffe bilder og noko åtåt. Linken er lagt til på Koseringen sin oversikt! :)

tirsdag, oktober 03, 2006

Råkk og Roll

Lurer du på kva du som ein god student bør putte i CD-spelaren for å kunne være på linje med dei kule studentane i gata? Svaret er som følgjer:

1. «I Bet You Look Good On The Dancefloor» - Arctic Monkeys
2. «Mr Brightside» - The Killers
3. «I Predict A Riot» - Kaiser Chiefs
4. «Take Me Out» - Franz Ferdinand
5. «This Charming Man» - The Smiths
6. «Hounds Of Love» - The Futureheads
7. «Naïve» - The Kooks
8. «Last Nite» - The Strokes
9. «Banquet» - Bloc Party
10. «Love Will Tear Us Apart» - Joy Division

Dette er i følgje New Musical Express den ultimate studentfestmusikklista. Assisterende redaktør Dan Silver synast det er retteleg fifft at dagens skaper seg sin eigen kulturelle identitet gjennom slike band, men legg til at ingen studentkveld er den samme utan litt Morrisey.

Om du vil, les meir her: