Test: Grandiosa Lørdagspizza
Pris: 48,- hos RemaSmak: 4/6
Valuta for pengane: 2/6
Totalt: 3/6
"Vi har tatt sjansen på lage tidenes beste Grandis! Kokken vår har fått frie tøyler og har ikke spart på noe. Vi må jo innrømme at GRANDIOSA LØRDAGSPIZZA har blitt litt dyrere enn vanlig Grandiosa, men vi mener den er verdt hver eneste krone: Pizza med renskåret BIFF og saftige KJØTTBOLLER + RØMMEDRESSING- vi digger den!"
Stabburet slår virkelig på stortromma her når dei introduserer sin nye Grandiosa. Emballasjen har fresh og fin design og lovar mykje. Eg må sei at eg verkeleg gledde meg til å sette det første stykket i munnvika og kjenne kor saftige kjøttbollane var og kor reinskåre biffen var. Med en pris på 48 kroner er det også lov å forvente å bli sendt til frosenpizza-himmelen for ei kort stund. Det nærmaste konkurrentane er Big One, Mia og eit par andre (Dr. Oetker?) - alle saman pizzatypar som profilerar seg som noko ekstra enn standard Grandiosa eller Favoritt. Hard match!
Eg tima steikinga ganske perfekt og fikk ut ein rykande varm Lørdagspizza, klar til konsum ein regnfull onsdag. Ved sidan av drakk eg Lerum Eplejuice. Det første som slår meg er at den på same måten som Taco-varianten har den meir flate botnen samanlikna med standard Grandiosa. Dette likar eg dårlig - den mangler litt av luftigheten i botnen og blir ekkel å ete. Ein annan ting som skuffa meg var at det ikkje var tilsett meir ost, som eg meinar er essensielt for ein god pizza-opplevelse. Kjøttbollane var gode dei, men det var vanskelig å kjenne forskjell på desse og "biff"-bitane. Sausen smakar som på kjøttdeig og løk-varianten. Det er mogleg at Grandiosa Lørdagspizza hadde scora betre på smak dersom eg hadde brukt den medfølgande dressingen, men dette tvilar eg eigentleg på.
Dette kjem ikkje til å bli norske familiers laurdagsfavoritt - bruk heller 40 kr ekstra og lag ein ekte heimelaga pizza. Til det er den ikkje god nok, og i tillegg for dyr. Studentar, styr unna eller mot Big One!
1 Comments:
Eg er ganske så enig med det du seier der min venn. Men det er ein ting som trekker opp med lørdagsgrandis og det er dippen. Den er meget god og anbefalest på det sterkaste. MEN om den rettferdiggjør den høge prisen? Det tvilar eg på.
By
Torbis, at 5:16 a.m.
Legg inn en kommentar
<< Home