Koseringen

tirsdag, mars 07, 2006

Den store frykta

Vi har vel alle opplevd det ein gong, den store frykta. Frykta for mat som er gått ut på dato. I mitt tilfelle skjedde dette i går, og innvolverte ein pakke kalkunservelat. Eg stod der på kjøkenet, innstilt på å ete to brødskiver til kveldsmat. Men so såg eg på pakken. Best før 06.03.06 sto der, altså i dag (i går, altså). Maten eg skulle ete var altså best før. No var den altså ikkje så god lenger. Maten lukta heilt greit den, og det var ingen synlige tegn til misfarging eller andre uhumskheter, og det var jo trass alt berre snakk om eit par timar over best før - datoen, men samtidig kunne eg ikkje heilt fri meg frå tanken om at eg no berre var eit tygg frå pest og kolera, fugleinfluensa og e.coli - bakterier, tyfis, spunk, inngrodde tångeler, alt dette var berre ein liten smakebit unna. Kva garantier hadde eg for at ikkje ein einaste liten smak kunne føre til at litjkar'n blei grøn og datt av meg her eg stod? Absolutt ingen!!

Men til slutt åt eg brødskivene mine likevel. Så til alle dokke basehopparar, fjellklatrarar og liknande: ta dokke en bolle - eg e tøff, eg!

2 Comments:

  • Med den hygienen vi har på kjøkkenet er det et under at ingen av oss har avgått med døden! Men bakterier er vel bare koselige?

    By Blogger Anders, at 9:37 p.m.  

  • Bakterier er ein naturleg del av eit godt og variert kosthold.
    Best før - datoer derimot, det er fali, det

    By Blogger Bjørnar, at 12:28 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home