Koseringen

mandag, februar 27, 2006

Morgonstemning

Jau, klokka er ti over sju og denne måndags mårran tenkte eg å stå tideleg opp og få unna litt nødvendig arbeid. Dette gjer eg sjølvsagt ikkje fordi eg er ein flittig og strukturert student, men fordi eg har sett litt feil i datoane i kalendaren, og oppdaga i gårkveld at oppgaven skal leverast om 5 timar. Eg trudde eg hadde over eit døgn på meg, men slik er det då ein gong å være ein av desse late studentane som professorane ikkje likar. Ute er det nokre fuglar som skriker, dei har gjort det i nokken dagar no (eller ikkje dagar, det stemmer ikkje, dei holder for det meste leven om natta.) Det er sikkert nokre skjærer eller denslags jævelskap som lagar lyden. Men eg skal ikkje klage, det er ei fin avveksling fra fulle folk som rallar forbi i helga og frå den naboen som spelar in the shadows med the rasmus på ganske så høgt volum heile natta.
Tenker eg får starte eit nytt og betre liv i morgon. eller i dag blir det vel, måndag er ein fin dag å starte på. I går var i morra i fårgårs, som dei seier. Men der var kaffien ferdih, så då vil eg bare håpe at alle får ein betre start på denne måndagen enn meg.

1 Comments:

  • Det er koseleg å lese slike morgonberetningar, spesielt på morgonen med skjeva i handa og tekoppen på bordet. Vi treng fleire slike lyriske innspel!

    No er det endelig vinterferie og eg skal ha ei heil veke på lesesal, utan ein einaste forelesningstime!

    By Blogger Anders, at 9:49 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home