Koseringen

onsdag, mars 01, 2006

Joggerapport, onsdag 1. mars

Deltakarar: Håkon og Anders
Tid: ca. 40 min

Det var eit litt halvrustent joggepar frå Strangehagen som la ut på tur denne onsdagskvelden. Veka har sålangt vore kjend for låge temperaturar og iskald vind, noko som ikkje akkurat hjelp på motivasjonen. Det var lenge sidan eg, Bobo, hadde vore ute på springetur og formen var litt skral.

Turen gjekk langs Fisketorget, Bryggen, og eit godt stykke ut i Sandviken. Vi utforska festningen, og på toppen av eit bygg blåste det kaldt. Håkon kunne fortelle meg at her kjempa Bergensianarane med sverd mot filipinske sjørøvarar allereie på 1600-talet, og vi kunne registrere gamle kanonkuler som låg halvveges oppe i dagen. Dei vitna om fordums storslagne kampar med eld og varm olje frå murane. Dei brende stråhusa ved å ri inn og kasta faklane sine på taka. Ungane skreik i smaua og kvinnene vart tekne med ombord på sjørøvarskipa og omskolert til 'gledespiker', solgt på det asiatiske markedet for 30 dalar stykket.

I skogen bak festningen holdt det til ein kar ved navn Robin. Saman med venane sine gjekk han inn for å knerte sjørøvarane ein gong for alle. Dei smidde sverd, piler og økser og sette opp feller for fienden. Ein barsk og stor utestad ved navn Lille John var også med, skjønt ofte berre fordi han var morosam og hadde så ruvande latter.

Og snipp snapp snute så var joggeturen ute. God natt.