Vinterferiebetraktningar

Det er veke 9, og tid for vinterferie. Til no har eg ikkje gjort så forferdelig mykje - lest litt på U. Pihl og tatt livet med ro. I dag var vi ein gjeng som bestemte oss for å dra på sjøna. Morrokofferten var med, innehaldande sjørøverflagg, lapp over auget, russisk befalshatt, samt Shanty-CD og songhefte. Turen gjekk litt rundt om kring på Pudden, langs land heile Sandviken og ut til Eidsvågneset badeplass og ein tur inn på Vågen. Jommen santen kom ikkje Kommandøren susande forbi oss og?
Men det eg lurar på er kvifor så mange sit og les for harde livet, som om det ikkje er vinterferie i det heile? Kjetil har aldri stått så tidleg opp kvar dag og Håkon les flittig som alltid på lesesal. Mange eg kjenner jobbar tydeligvis overtid i sine respektive bedrifter også! Kvifor? Kom ut i sola og nyt at det endeleg er ferie!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home