Koseringen

tirsdag, mars 14, 2006

Den unge manns guide til oppvask

Det å vaske opp er, av naturlege grunnar, ikkje noko ein ser fram til med glede. Å vaske blir sett på som kjedelig, men likevel så er det likefult noko som ein før eller seinare må gje seg i kast med. I dag var ein slik dag. Ikkje det at det var absolutt nødvendig, det har vore mykje større oppvaskar her i Ponderosa, men erfaringsmessig har eg funne at det lønnar seg med reglmessige, små oppvaskar, i staden for å utsette jævelskapen til oppvaske utgjær ein trussel om liv og helse. Altså, det ein treng er: ein svær haug av brukt bestikk, talerknar, gryter og liknande, varmt vatn, oppvaskmiddel og oppvaskkost. Det finnst folk som brukar hanskar under oppvasken, men dette er gjerne folk som likar volleyball, blomsterdekorering og interiørdesign, men det skal vi ikkje gå nærare inn på. Kanskje er denne bruken av hanskar eit resultat av at vi lever i eit postmaterialistisk samfunn, og hendene vår føle behov for sjølvrealisering? Kanskje eg burde bruke dette som tema for ein oppgåve ein gong?
Men tilbake til saka: eg finner ofte at det er hensiktsmessig å skylle alle smuler, saus, matrester og den grønne gugga som holder på å utvikle seg til ein eigen livsform bland restane av potetstappen frå forrige torsdag, vekk frå oppvask-objektet før ein set i gang med å vaske. fyll varmt vatn i vasken. Ein god temperatur er når det kjennest som om neglene din holder på å bli opplyst grunna for varmt vatn, med dette er ikkje noko å bry seg om. Dette er god smerte. Reingjer så oppvasken med dertil egna redskap, bruk faste, mannlige bevegelsar så går det bra. Underhold gjerne deg sjølv med musikk eller anna passande underholdning når du ut.fører vaskinga, og gjer såleis det heil om til ein positiv og givande opplevelse. Unn deg sjølv noko godt etter utført oppvask, for eksempel ein kald voksenbrus, litt munngodt eller napp litt i løken. Gå så ut i verda (viss du valgt siste eksmpel på "noko godt", så bør du vaske deg først) i visshet om at du har gjort ei god handling for samfunnet.

1 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home