Koseringen

søndag, mars 19, 2006

Skal vi danse?

Med ganske stor sikkerhet får du nok berre eitt svar frå meg: NEI! Enkelt og greit. Eg likar ikkje å danse!
Det er riktignok mykje eg ikkje likar å gjere. Eg likar ikkje å vaske opp, eg likar ikkje å jobbe bakpå en bossbil ein heil sommar og eg likar heller ikkje å stå opp tidleg for å gå på førelesning. Alle desse tinga gjer eg likevel då dei gir meg ting eg likar. Eg likar reint bestikk, eg likar pengar og eg likar å kunne pensum på eksamensdagen. Kvifor skulle eg då danse? Vil det gi meg noko tilbake som eg likar? Dette er noko eg har tenkt litt på i det siste. Sjølv om eg eigentleg burde tenkt på korleis lobbysime kan fungere som ein kanal mellom borgarane i Europa og den Europeiske Kommisjonen, har eg likevel tenkt på dette med dansing.
Nokre meiner at dansing er bra for å imponere jenter, og eg likar jenter. Likevel, dersom ein brukar dans for å imponere jenter vil ein ende opp med ei jente som likar å danse. Ein vil då finne seg sjølv i ein situasjon der ein blir tvungen til å danse uten å måtte imponere nokon. Det likar eg ikkje.
Andre seier at dans er bra trim, og eg likar å kome i form. Heller ikkje dette overbevisar meg. Ein dansar ikkje åleine, ein dansar saman med andre folk. Dersom eg trimmar blir eg svett, dersom eg dansar vil eg altså bli svett tett innpå andre folk, som også er svette. Det likar eg ikkje.
Du lurar kanskje på kvifor eg skriv alt dette. Har eg eit formål med alle desse orda? Ja, det har eg. Dersom nokre av de som les dette nokon gong opplever at eg svingar meg ute på gulvet ein sein kveld på Kvarteret; det er ikkje noko eg vil, det er eit stille rop om hjelp! Ser de dette; få meg bort frå gulvet og send meg heim!
Så finns det kanskje noko nyttig ved dansing allikevel.

3 Comments:

  • Kjetil - dette seier du berre for å være tøff, det veit du. Huksar du Hulen? Gå inn i deg sjølv og finn ut kva for dansar du er, og kom ut igjen og fortell det til verda. Ikkje ver redd.

    By Blogger Anders, at 2:52 p.m.  

  • Men Anders då. Dette forklarte eg i innlegget. Dersom eg dansar må det sjåast på som eit teikn på at eg er moden for Facils! Eg er ikkje redd, verken for dansinga eller deg; klovnen Bobo!

    By Blogger Kjetil, at 6:58 p.m.  

  • hehe,eg må le.. Eg har/hadde den samme tanken, eg lige ikkje å dansa, ergo eg vil ikkja ha ein fyr som kan dansa.. men koffår lige eg ikkje å dansa? itte år med undring og forskning, ende eg opp på den konklusjonen at siden eg lige å dansa når eg har tatt ein øl eller kanskje litt fler, så må det rett og slett ha ein sammenheng med at eg ikkje føle eg kan danse.. eg føle meg som ein kalv på vårslepp.. og eg ønske ikkje å belemre folk rundt meg med dette.. men eg lige å dansa ligavel, itte någen øl... eg må bare innrømma det...

    By Anonymous Anonym, at 10:50 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home