Folket syng i gatene!

Eg meiner å huske at eg har høyrt fleire gongar, då gjerne i litteatur eg har lese, eller andre medium der eg har høyrt om spontan glede og lykke blandt menneske, då har feiringa desse glade og lukkelege menneska har foretekje blitt beskrevne med ord som: ..og foket dansa og song i gatene.
Her i mitt rimeleg sentrumsnære husvære i Bergen høyrer eg ofte folk som syng i gatene. Nett no, for eksempel, syng ein lystig gjeng gutar kumbaya så det ljomar utanfor vindauget mitt. Dei høyrest glade ut, og då tykjer eg det er rett positivt at dei veljer å uttrykje gleda gjennom song. Fullt like positivt synes eg ikkje det er med alle dei som mykje seinare på natta har det med å syngja fotballsongar utanfor det same vindauget. Det går gjerne i Brann-songar, noko som sjølvsagt ikkje er unaturleg, ettersom med trass alt befinn oss i Bergen. Men andre songar er også irriterande, ikkje berre fordi songarane som regel er personar med høgare promille enn songferdighetar, og fordi songane ofte er krydra med lyriske gullkorna av typen alle som ikkje likar Bryne er heilt på tryne og Start spelar fotball med fart. For ikkje å snakke om me e viging å å, me e viging å å, me e norges besde foballlag åle åle åle hei hå.
Kanskje skulle ein organisere offentlege songsoner her i byn slik at dei som føler for å syngja kan gjere det i kontrolerte former under kyndig veiledning. Det kunne jo til og med blitt ein turistattraksjon, the fabolous nightsingers of Bergen, som framfører songar frå David Hasselhoff sitt klasisske Night Rocker - album.
1 Comments:
No håpar eg folk ikkje heng seg for mykje opp i siste delen av dette innlegget, eg trenget berre ein grunn til å publisere dette fantastiske biletet
By
Bjørnar, at 2:09 a.m.
Legg inn en kommentar
<< Home