Ungkarskjøkken: Hot Dog

Hei, og velkommen til Strangehagen Ungkarskjøkken. I denne spalta skal eg (1) fortsette der eg slapp med Grandiosa Lørdagspizza og gje lesarane fyldige subjektive testar av enkel og lettvint mat, samtidig som eg (2) får prøvd ut store delar av Kjetil og Håkons diett. Eg er glad for tilbakemeldingar frå brukarane så vel som tips til rettar som kan prøvast ut.
Pølse med brød, eller Hot Dog som det heiter på bergensk eller utanlandsk, er ein av dei mest lettvinte middagar som kan lagast. Du treng: 1 pakke pylse, 1 pakke pylsebrød, samt noko tilbehør. Eg hadde for anledningen kun ketsjup og stekt løk. Pølsene trekker du i ein kjele med vatn (på lågaste trinn, aldri koke) og brøna' varmar du i steikeovnen. Det heile tar mindre enn 15 min. Beregn ca. 4-5 kuk i kano per middag.
Vi kan med rette seie at pølse med brød ikkje er verdas mest fancy rett. Det føles rett og slett litt kjipt. Men ein blir mett, og det smakar godt. Med denne retten er det nok tilbehøret som verkeleg kan gjere den store forskjellen, og her kan ein variere i det uendelige med stekt/rå løk, dressingar, sterk sennep, ost, og ellers det du har i kjøleskapet som kan kuttast opp i terningar. Den kan være ein bra dagen-derpå-rett (godt med noko salt), og den kan være ein kvalm dagen-derpå-rett (kjøttguffe i grisetarm). Ved sidan av anbefalar eg ein kald Hansa eller tilsvarande. Gjerne Lerum Eplejuice. Pølse med brød er lettvindt og godt, men legg seg rundt ankelen og er ikkje godt to dagar på rad.
Pris: ca. 40 kr
Smak: 3/6
Valuta for pengane: 4/6
Totalt: 3/6
4 Comments:
Eg anbefalar å kjøpe lompe som ein evt erstatning til pølsebrød. Det er båe rimelegare, 10 kr for 10, og faktisk beitre. Det blir ikkje tørt på same måte, og eg har blitt ein real lompefanatiker :)
By
Snorre SR, at 2:35 p.m.
Lompe er austlandsmat.
Ikkje noko for staute vestleningar.
By
Bjørnar, at 4:10 p.m.
Enig med Bjørnar her, men det kan kjøpast inn som variasjon. Det beste er å varme brøna' i ovnen slik at de blir litt rista, men det er sjølvsagt ikkje godt med tørre pølsebrød.
By
Anders, at 4:13 p.m.
D må nevnast at eg kun ete pølsa i brød som middag kun v grilling om sommaren.
Ellers passe pølsa i brød best på 17. mai, på ein ferjetur, eller på Trekroneren ein sein kveld.
By
Håkon Påkon, at 6:02 p.m.
Legg inn en kommentar
<< Home