Koseringen

tirsdag, mars 21, 2006

Gult i frammarsj

"Den Gule Revolusjon" er stadig i vekst i næringslivet, og det vart i dag klart at også ein kulturorganisasjon tek det store steget: Festspillene i Bergen har valgt gult som årets farge.

– Det å bevare er ensbetydende med å måtte forandre, sa festspilldirektør Per Boye Hansen då han presenterte den nye visuelle profilen tysdag.

Beslutninga om forandring kom etter at styret i Festspillene fekk tilbake markedsanalysen frå konsulentselskapet Strangehagen Media, som er lokalisert på Verftet. Dei kunne konkludere med at ein ny visuell profil med fargen gult som hovudelement vil vise at Festspillene er nyskapande, solide og litt galne.

- Gult vil om eit par år vere for designarane det Mr. Blupp no er for vinsmakarane. Den nye vinen altså. Med utgangspunkt i den yngre generasjons galskap, morroleikar og livlege uteliv har vi skapt ein profil som det verkeleg smakar fugl av, meiner merkerådgivar Håkon Ingebrigtsen i Strangehagen Media.

Og det er slett ikkje sikkert at han tek feil. Berre den siste månaden har sju forskjellige organisasjonar implementert Det Gule Programmet, som er ein såkalla mediepakke levert av dei største profilbyråa i Bergen. No gjenstår det berre å sjå kor lenge VG tør halde på sin noko sletne medieprofil.

Per Boye Hansen er ikkje i tvil.

- Framtida er gul, smilar han.

Ler meir på http://www.bt.no/kultur/article254113.ece