Koseringen

lørdag, april 29, 2006

Seriestart

I dag er det seriestart i Ponderosas favorittverdsvevspel, Hattrick. Dette spanande og interesanne spelet der ein styrer ein fotballklubb, og prøvar å fiffe laget sitt så fifft som mogeleg.
Mitt eige lag, Badeball United, har som mål å gjera det betre enn forrige sesong, då me rett nok enda på ein finfin femteplass, men kjempa for å unngå nedrykk heilt til siste serierunde i ein sesong prega av store økonomiske problem. No er desse problema utbetra, fire nye spelarar er henta inn, og eg statsar på ei plasering blandt dei fire beste. Mi største bekymring er mangelen på reserver for midtbanespelarane, så eg håpar å unga skadar. Eg har også tatt konsekvensane av globaliseringa, som ikkje berre representerar utfordringar for den europeiske velferdsstaten og for statens tradisjonelle volds- og skattemonopol, men også fører til at førstelaget mitt består av elleve forskjellige nasjonalitetar, og ingen nordmenn. Fargerikt fellesskap der, altså.

Eg vil også nytte høvet til å spørja mine medponderosianarar (og eventuelle andre hattrickarar, sjølvsagt) om det er interesse for eit innbyrdes meisterskap der me ein gong for alle avgjer kven som er den beste av oss. Kva seier dykk?

Test deg selv

Koseringen har linkar til mykje rart på verdveven, deriblandt nettsidene til Mannskoret Arme Riddere. Då eg i kveld bestemte meg for å besøke denne nettsida. Det første ein støter på på denne sida er:

Har du noen gang lurt på hvilken Ridder du ville vært hvis du sang i MAR?

Det har eg faktisk aldri lurt på, men slike testar er jo altid festleg. Så eg satte i gang, svarte samvittighetsfullt på spørsmåla, og enda til slutt opp med resultatet:

Du er Anders Bakke Ingebrigtsen

Eg veit ikkje helit kva eg synst om dette resultatet. Men ein lyt vel leva med det.

fredag, april 28, 2006

Bluppen og røvarane

(Illustrasjonsfoto)

"Eit halvt års prøvetid vart krona med hell då barneteatergruppa i Mjeldalen UL hadde premiere på stykket 'Bluppen og røvarane' tysdag kveld".

"Grønkledde Bluppen er litt lubben, og blir lei seg når han blir erta", seier Birte Hetlevik som er sjølvaste Bluppen i stykket.

Kjelde: Ostringen (nei, ikkje osteringen, men ei lokal "avis" på Osterøy)

Kritikkverdig ettermiddagsunderhaldning


Fredag er ein god dag for TV-underhaldning, og denne var ikkje noko unntak. Eg tok tidlig bussen ut til Osterøy for å møte mi kjære (og litt slakke) Charlotte på den vene vakre øya. Kvelden på Valestrand byrja som vanlig når eg er der ute, vi satt oss rett ned foran tven så fort vi hadde tråkka ut av skoa.

Etter ein god del amerikansk tullball, nyhende og dårlege diskusjonsprogram var det tid for Hotell Cæsar. Sjølv om eg klarte å kvele begeistringa i forhold til frøken Skaar, var eg litt glad inne i meg over at vi endeleg kunne sjå korleis det gjekk vidare med Anker-Hansen familien. Men så kom sjokket.

Makan til suspekt TV skal ein leite lenge etter. Kveldens episode hadde alle ingrediensane for å bli bannlyst frå einkvar TV-kanal med respekt for seg sjølv (altså ikkje Tv2). Ein hund vart torturert i ein ovn, kraftig fysisk vold frå ein utlending (sjølvsagt?) og ikkje minst rystande dårleg skodespel. Eg skal ikkje ein gong byrje med sangstemmene til Vilde "Wildcat" (etter å ha vore i pornobransjen) og Storm (typisk narkoman). Nokon må ta eit grep.

søndag, april 23, 2006

Så var eg ikkje gal likevel..



Eg trudde verkeleg at de føregjekk merkelege saker i hovudet mitt i natt, då eg plutseleg høyrte lyden av eit buekorps som bråka seg gjennom bergensnatta. Det var verkeleg eit fæla alur utanfor vindauget mitt i natt. Men no viser det seg faktisk at det var eit buekorps ute og gjekk. Så då var det ikkje eg som var gal likevel, det er verden som er gal...


http://www.bt.no/lokalt/bergen/article262703.ece

Trening onsdag 19 & fredag 21


Det blir trening for Helsetrøye United onsdag 19. og fredag 21. ved kunstgressbana på Møhlenpris. Oppmøte er 07.30, og det fins ingen god grunn til å sluntre unna.

torsdag, april 20, 2006

Nick Carter


Tenk på det gutar, at no befinn vi oss i same by som Nick Carter. Han er i Bergen for å spele korgball med andre kjente menneske frå sambandsstatane. Tenk over kor stort dette egentleg er. Det er vel dette dei kallar julafta og 17. mai på ein gong.

mandag, april 10, 2006

Påskemorro på hytta


"Kortskalle - Morro for hele familien"

Post your holiday activities, everybody!

fredag, april 07, 2006

Helt propell 2.... Ekstremt usensurert faktisk!

Her heime i heimbyen skjer det spennstige ting no rett før påske. Tinga er usensurerte og tar gjerne form som ein elefantsnabel. Gjerne med overtrekksdrakt.

Russerevyen starta litt treig med ein "vi e mafias og tøffe" åpning som var ganske kul, men som desverre vart etterfulgt av posemannen som enta ei flaske (han med mix posen som alltid går runt veit dykk) på scena og ein keisam firdapost-sketsj for å introdusere Arne Sunnarvik "den pr kåte". Vi segla så over i FSK sin verden der vi fikk eit kort innblikk i FSK sin smårips kos... Frå ei busk vel og merke. Eller ein potteplante. Samme det.

Vi hoppa så over til helse førde, og herr mr "eg må ha designerting" sjef. Ein meget bra skætsj, med herlige innslag av"broren til Bjørnar" som besøker homodesigneren CK eit eller anna, glitrande spela av Thomas Alsaker! Her prøvesatt dei stolar til 200000kr, med spesialeffektar som innlagt GPS og andre ting både her og der... Men "broren til bjørnar" var desverre homofob og kjøpte eit par stolar på IKEA, og tok med seg heile familien til Bahamas.

Så fekk Frode Holme passet sitt påskrevet... Det var nok neppe tilfeldig med innbruddene i krokavegen og hans nystarta innbrotsalarmbedrift... Vi sørfa så lett vidare til Bengten sine vonda drømma og skotjuveri. Han varslar politiet som ordnar opp med å fange ein asylsøkar. Han svarte veit dykk. Dette var ein usedvanleg artig spø der Inger Ane spilte glitrande som stum/dum/hyper konstabel.

Så kjem litt meir posemann. Tar seg lett opp. Det kjem ein ny poseman i by'n.

Vi hoppar vidare til Anders som må slutte i FSK, men gjer balerina av seg i staden. Flinke Anders. Vi går direkte vidare til En flott Bon oppsettning. Men sang og dans om kor flott det er å samlast rundt bond. Her va det blandt anna ei kjent jente som kunne svinge på seg! Mari altså! Vi hoppar vidare til ein musikk konkurranse.. Sunnarviken... Sunnarviken sie bare eg. Eg må nemne ein herlig stripptease med 19 jente i verdensstyggaste klær. Kledde av seg til eit endå styggare undertøy. Herlig! Etterpå kom guttestripp.. det vakje så gøy. Vi fikk dessuten sjå eit urovekkande høgt tall tissefantar. ÆSJ! Kor va sveisebrillene?

Det var tydleg at i denne revyen så var det kvinnene som var dei tilbaketrekte medan menna va deilige, oljete, nakne, objekt for sextrakasering og stakkars menn blei ufrivillig dratt med heim til køys av bestemte kvinner som røyka og snakka slik som ein ellers berre gjer i FSK. Eg må forresten nevne ein videosnutt med kva som eigentleg skjedde då harald gjervik tok skurken på vgs på fersk gjerning. Det va bare han og vidar fjellheim som leika litt. Genial.

No gidde eg ikkje skrive meir. Men det va en 12 skjætsja til som eg ikkje fekk nemd! Men det var bra! Og dykk kan angre! Men skal ikkje sjå vekk i frå at han Far Ingebrigtsen filma alt. Men Russerevy på video er jo så som så. Hei hå og takk for meg.

mandag, april 03, 2006

Fotballtrening

Litt kort varsel dette, men er det interesse for fotballtrening klokka 21:00 i kveld?

søndag, april 02, 2006

Vi snakker lørdagspizza

No er eg fullt klar over at laurdagspizzaen har blitt omtala før her på koseringen, men so vidt det kjem meg i hug, so var dette før den etterkvart velkjendte reklama med den etterkvart like velkjendte reklamesangen byrja å gå på tv, so eg trur at når eg no skriv om denne pizzaen er det i ein anna kulturell kontekst.

Digg med ekte biff, heiter det. Og det er jo for såvidt det. Men biffen på laurdagspizzaen var ikkje så digg, den var heller seig og ekkel. Men kjøttbollane var ganske gode. Rart at dei ikkje er nevnt i laurdagsgrandiosareklamesangen (koseringens lengste ord?). Det tala heller ikkje til måltidsopplevnaden sin fordel at det var hol på plasten som ligg rundt grandisen (forresten folkens, grandis eller grændis? Kjøyr debatt!) slek at den digge ekte biffen og kjøtbollane trilla rundt i embalasjen til allmenn underhaldning. Men sidan hygieniske matforholdsreglar er ein uting, tok eg ikkje dette så tungt.

Men smaken var skuffande, og ikkje eingong rjomedressingen som Torbjørn skryt slek av var til å bli imponert av. Det er nok best å holde seg til orginalen.