Koseringen

fredag, februar 24, 2006

Fredag kl. 11.37

Det er kjekt på lesesalen. Avdeling Strangehagen har denne dagen samla seg på Ulrike Pihls hus for felles lesestund. Kjetil var litt tidlegare oppe enn oss andre, og kapra gode plassar i 3. etg. Her sit vi på rekke og rad saman med andre studentar. Nokre studerar på SV-faktultetet eller Psykologisk Fakultet, medan andre (slik som Håkon og Anders) snik seg til ein plass sjølv om dei ikkje har lov. No er det snart tid for mat, og då går vi ned i pauserommet i 1. etg. Eg har smurd meg to skjever med kvitost på, og to med skinke og majones (ekte). Men tida er ikkje der heilt enda.

Håkon er no på forelesning. I rommet er det sju gutar og fem jenter. Nokre sit stille i store periodar av lesedagen, medan andre er meir rastlause og går ut og inn ofte. Dette kan vere til irritasjon for enkelte, men det hjelper å ha i øyreproppar slik som Kjetil. Ute på gangen er det alltid ein gjeng som har pause saman. Dei pratar og pratar, nokre gongar svært høglytt. Dette kan vere til irritasjon for enkelte, men det hjelper å ha i øyreproppar slik som Håkon.

Mange av studentane på dette rommet har også berbart avspelningsutstyr med seg. Nokre har mp3-spelar, andre kanskje radio eller CD-spelar. Dei høyrer alle på forskjellig musikk, og det er nok rart å sitte der i si eiga lille verd og tenke at det berre er ein sjølv som høyrer akkurat denne musikken på øyret der og då. Håkon liker å høyre Enya, medan Kjetil ofte smeller til med litt Je og Fattern eller Glady.

Sjølv sit eg her og knastar på maskina mi, og ingen veit kva for tullball eg skriv på Koseringen.