Koseringen

fredag, februar 24, 2006

Minneord for ein klovn

Her i Ponderosa er ting ikkje heilt som dei engång var. Det er ei litt trykka og tildels trist stemning som rådar. Grunnen er at ein av våre faste fylgjesvennar ikkje lenger er blandt oss. Dei fleste som har vore innom Ponderosa kjenner til The Nazty Clowns. Desse artige krabatane som har det med å dukke opp på dei mest utenkelige stadar, og soleis forårsake mykje smil og lått. Berre ein av desse har hatt ein nokolunde fast tilhaldsstad, nemlig han som sat i kjøleskapet med den ironiske og festlege "hjelp" -plakaten. Og det er altså han som no har forlatt oss.
Dei sørgelege hendelsane som forårsaka dette kan kort oppsumerast slik: Egg i kjøleskap. Høgt oppe i kjøleskap. Smarting plasere flaske ketsjup i kjøleskap. Oppe på egg. Egg knuse. Innhold i egg renne nedover. Innhold treffe klovn. Klovn bli klissete. Egg stivne og begynne å lukte rart. Egg blir oppdaga. Kjøleskap blir vaska.

Desverre var skadane klovnen pådrog seg etter denne ufrivillige egge-bukkaken så store at alle forsøk på vask var nyttelause. Han blei begravd i bossspannet under vasken i ein privat sermoni med den næraste familie tilstades.

1 Comments:

  • Dette var trist å høyre. Sender våre kondolanser fra fam. Strangehagen.

    By Blogger Anders, at 6:42 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home