Koseringen

tirsdag, mars 21, 2006

This one time at bandcamp..

Utanforståande lurer kanskje på kva eg gjer på når eg seier at eg skal på Korhelg på NHH. Er det synging av lekre kantatar og notepugging til den store gullmedalje? Eg gjev dykk herved eit lite innblikk i kormiljøet, fritt etter huksen:

Laurdag:

15.30: Ølkranene åpnar på NHH.
15.35: Kormatinée
18.25: Eg følar meg brisen.
19.15: UKEN serverar Lasagne ("Kun eitt rundstykke til kvar"). Mange forsynar seg grovt fleire gongar og kjøper meir øl på veg tilbake.
20.00: Revy. Det serveres øl. Nokon begynner å bli småfulle, og dei fleste ler av alle sketsjane.
22.15: Fest i kjellaren på NHH. Dr. Alban og Snap-fans byrjar å fylle etasjen over.
00.35: UKE-koret Optimum sel øl frå rommet sitt til 20 kroner stk. Folk dansar til Ghostbuster-songen.
01.42: Dr. Alban og Snap-fans byrjar å fylle kjellaren. Dei har langt hår i sleik bakover og store musklar. Eg føler meg likevel kjekkare i smoking.
02.51: Tospannet Jørgen og Aslak set på "Jag trodde englarna fanst" til enorm jubel, og folk dansar på bordene.
04.12: Taxi til Strangehagen.

Sundag:

12.00: Oppmøte Festplassen.
12.40: 250 personar tek 4 shottar sprit på rappen i øvre del av Nordnesparken.
13.10: Folk syng blant anna "Cotton Eye Joe" på karaoke med heliumgass på Hulen.
14.18: NHH-danseband spelar svensktoppar. Eg drikk tre øl.
15.00: Eg spelar trommer til "Jag trodde englarna fanst" med Jørgen og Aslak på vokal.
16.15: Eg føler meg rar når eg går gjennom byen på veg heim til Strangehagen.
18.00: NHH og velkomstdrinkar. Treng ikkje meir alkohol med det første.
20.00: Middag. På nokre av borda er dukane meir raude enn kvite.
06.00: Frokost på NHH. Utviklar seg etter kvart til eit katastofeområde.
07.15: Heime i Strangehagen. Kjetil står opp. Eg legg meg, og møter ikkje opp til forelesning 08.15.

1 Comments:

  • Møte ikkje opp til forelesning?
    Den slags er jo uhørt!

    By Blogger Torbis, at 4:20 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home