Koseringen

fredag, mars 24, 2006

Reisebrev frå Nord

Om lag tre og ein halv times reise, med den snøggaste båten, nordover ligg ei lita perle av ein kystby. Denne helga har eg tatt på meg oppdagarskoa og tatt ein tur med denne snøgge båten til denne perla.

Lokalbefolkninga gav eit utslettleg godt førsteinntrykk, og eg fann fort ei blond vakker jente som gjerne ville dele heimen sin med meg. Og det er på kjøkkenbordet i denne heimen eg sit no å skriv til dykk der heime. Utanfor vindauget kan eg sjå sola skin utover den blå himmelen og til og med litt på den fantastiske snøtunnelen eg laga på altanen i går kveld. For med godt å vel 30 cm snø skal det godt gjerast å la vere å bygge snømann, snøhule og den slags.

I kveld skal me hygga oss med kylling og idol. Og i morgo vert kanskje til og med ein liten aketur på føremiddagen.

Håpar alt er vel heime!
Dykk har vel laga ein ridande cowboy snømann utanfor heimen gutar?
Klemmar og den slags frå reisande onkel mac