Koseringen

mandag, februar 27, 2006

Morgonstemning

Jau, klokka er ti over sju og denne måndags mårran tenkte eg å stå tideleg opp og få unna litt nødvendig arbeid. Dette gjer eg sjølvsagt ikkje fordi eg er ein flittig og strukturert student, men fordi eg har sett litt feil i datoane i kalendaren, og oppdaga i gårkveld at oppgaven skal leverast om 5 timar. Eg trudde eg hadde over eit døgn på meg, men slik er det då ein gong å være ein av desse late studentane som professorane ikkje likar. Ute er det nokre fuglar som skriker, dei har gjort det i nokken dagar no (eller ikkje dagar, det stemmer ikkje, dei holder for det meste leven om natta.) Det er sikkert nokre skjærer eller denslags jævelskap som lagar lyden. Men eg skal ikkje klage, det er ei fin avveksling fra fulle folk som rallar forbi i helga og frå den naboen som spelar in the shadows med the rasmus på ganske så høgt volum heile natta.
Tenker eg får starte eit nytt og betre liv i morgon. eller i dag blir det vel, måndag er ein fin dag å starte på. I går var i morra i fårgårs, som dei seier. Men der var kaffien ferdih, så då vil eg bare håpe at alle får ein betre start på denne måndagen enn meg.

søndag, februar 26, 2006

Dust of the Month Award - January 06

Lørdag 25. februar fekk vandrepokalen for Månadens dust ny eigar. Denne gongen var det Eirik som gjekk av med sigeren. Juryens grunngjeving var knyta til ei hendingsrekke som fann stad i slutten av januar på ein fest i Strangehagen. Etter å ha helt i seg svært store mengder av både øl og spiritus ramla Eirik ned trappa med 20 i stil. Juryen gratulerer!

fredag, februar 24, 2006

Minneord for ein klovn

Her i Ponderosa er ting ikkje heilt som dei engång var. Det er ei litt trykka og tildels trist stemning som rådar. Grunnen er at ein av våre faste fylgjesvennar ikkje lenger er blandt oss. Dei fleste som har vore innom Ponderosa kjenner til The Nazty Clowns. Desse artige krabatane som har det med å dukke opp på dei mest utenkelige stadar, og soleis forårsake mykje smil og lått. Berre ein av desse har hatt ein nokolunde fast tilhaldsstad, nemlig han som sat i kjøleskapet med den ironiske og festlege "hjelp" -plakaten. Og det er altså han som no har forlatt oss.
Dei sørgelege hendelsane som forårsaka dette kan kort oppsumerast slik: Egg i kjøleskap. Høgt oppe i kjøleskap. Smarting plasere flaske ketsjup i kjøleskap. Oppe på egg. Egg knuse. Innhold i egg renne nedover. Innhold treffe klovn. Klovn bli klissete. Egg stivne og begynne å lukte rart. Egg blir oppdaga. Kjøleskap blir vaska.

Desverre var skadane klovnen pådrog seg etter denne ufrivillige egge-bukkaken så store at alle forsøk på vask var nyttelause. Han blei begravd i bossspannet under vasken i ein privat sermoni med den næraste familie tilstades.

Fredag kl. 11.37

Det er kjekt på lesesalen. Avdeling Strangehagen har denne dagen samla seg på Ulrike Pihls hus for felles lesestund. Kjetil var litt tidlegare oppe enn oss andre, og kapra gode plassar i 3. etg. Her sit vi på rekke og rad saman med andre studentar. Nokre studerar på SV-faktultetet eller Psykologisk Fakultet, medan andre (slik som Håkon og Anders) snik seg til ein plass sjølv om dei ikkje har lov. No er det snart tid for mat, og då går vi ned i pauserommet i 1. etg. Eg har smurd meg to skjever med kvitost på, og to med skinke og majones (ekte). Men tida er ikkje der heilt enda.

Håkon er no på forelesning. I rommet er det sju gutar og fem jenter. Nokre sit stille i store periodar av lesedagen, medan andre er meir rastlause og går ut og inn ofte. Dette kan vere til irritasjon for enkelte, men det hjelper å ha i øyreproppar slik som Kjetil. Ute på gangen er det alltid ein gjeng som har pause saman. Dei pratar og pratar, nokre gongar svært høglytt. Dette kan vere til irritasjon for enkelte, men det hjelper å ha i øyreproppar slik som Håkon.

Mange av studentane på dette rommet har også berbart avspelningsutstyr med seg. Nokre har mp3-spelar, andre kanskje radio eller CD-spelar. Dei høyrer alle på forskjellig musikk, og det er nok rart å sitte der i si eiga lille verd og tenke at det berre er ein sjølv som høyrer akkurat denne musikken på øyret der og då. Håkon liker å høyre Enya, medan Kjetil ofte smeller til med litt Je og Fattern eller Glady.

Sjølv sit eg her og knastar på maskina mi, og ingen veit kva for tullball eg skriv på Koseringen.

torsdag, februar 23, 2006

Stemning frå Strangehagen

Kvelden har senka seg, og eg føler for å skrive nokre ord i den elektroniske dagboka. Det kan vere godt for andre å høyre om korleis det står til bak fasaden i Strangehagen.

Kjetil er ute for kvelden. Han skal leie eit religiøst møte med borgerlige konfirmantar som vikar for ei på faget sitt. Sigrid heiter ho, og er frå Austlandet. Håkon har bestemt seg for å være heime i kveld, og sit i godstolen og les "Bissie". Det er ei bok i Religionshistorie som omhandlar samanes dyreritualer (eller 'riter' som Håkon kallar det) i Mesopotamia (tids- og geografisk område samtidig). Han sit med eine beinet over det andre, godt henslengt, og biter litt på fingerneglene sine. Dette er eit godt teikn på at Håkon slappar av. Samelitteratur formeleg flyt inn i hjernen hans og dannar bilder som han drøymer om når han legg seg på loftet ca. kl 23.35 kvar kveld.

Men denne kvelden er spesiell. Eg har litt vondt i kroppen (mogleg pga jubileumshelga) og føler meg litt skral. Etter solid oppvask på kjøkenet fant eg ein dråpe styrkedrikk med namnet Tomte Gløgg i hylla. Denne har eg no kokt opp, og det er godt med noko varmt i magen for våre to venner i Strangehagen. Det er til og med ein dråpe igjen til Kjetil dersom han kjem heim frå konfirmasjonsleir i tide.

Det er denne stunda som vert kalla "lesetime" i Strangehagen. Vi skrur av kvardagens kjas og mas og tar eit djupdykk i aktuell pensumlitteratur. Håkon med sameboka og eg med logistikken. Det er for det meiste stille med unntak av eit og anna spørsmål eller artighet frå ein av oss. "Bjønen var ansett som et mektig dyr fordi han kunne stå på to bein som menneska". "Ved hjelp av Centre of Gravity-metoden kan ein beregne beste lagerlokalisering på bakgrunn av kjøredistansar og etterspørsel".

Så sit vi der. Mr. Blupp også, men stuva bort i eit hjørne. Ute er det kveld. I morgon er det fredag, lesesal og graut i kantina. Livet går sin gang.

tirsdag, februar 21, 2006

Ungkarskjøkken: Hot Dog


Hei, og velkommen til Strangehagen Ungkarskjøkken. I denne spalta skal eg (1) fortsette der eg slapp med Grandiosa Lørdagspizza og gje lesarane fyldige subjektive testar av enkel og lettvint mat, samtidig som eg (2) får prøvd ut store delar av Kjetil og Håkons diett. Eg er glad for tilbakemeldingar frå brukarane så vel som tips til rettar som kan prøvast ut.

Pølse med brød, eller Hot Dog som det heiter på bergensk eller utanlandsk, er ein av dei mest lettvinte middagar som kan lagast. Du treng: 1 pakke pylse, 1 pakke pylsebrød, samt noko tilbehør. Eg hadde for anledningen kun ketsjup og stekt løk. Pølsene trekker du i ein kjele med vatn (på lågaste trinn, aldri koke) og brøna' varmar du i steikeovnen. Det heile tar mindre enn 15 min. Beregn ca. 4-5 kuk i kano per middag.

Vi kan med rette seie at pølse med brød ikkje er verdas mest fancy rett. Det føles rett og slett litt kjipt. Men ein blir mett, og det smakar godt. Med denne retten er det nok tilbehøret som verkeleg kan gjere den store forskjellen, og her kan ein variere i det uendelige med stekt/rå løk, dressingar, sterk sennep, ost, og ellers det du har i kjøleskapet som kan kuttast opp i terningar. Den kan være ein bra dagen-derpå-rett (godt med noko salt), og den kan være ein kvalm dagen-derpå-rett (kjøttguffe i grisetarm). Ved sidan av anbefalar eg ein kald Hansa eller tilsvarande. Gjerne Lerum Eplejuice. Pølse med brød er lettvindt og godt, men legg seg rundt ankelen og er ikkje godt to dagar på rad.

Pris: ca. 40 kr
Smak: 3/6
Valuta for pengane: 4/6
Totalt: 3/6

mandag, februar 20, 2006

Dusteprisen Januar 06

Sjølv om det allereie er komen inn kandidatar til dusteprisen for februar, vil eg understreke at dusteprisen for januar ikkje er delt ut. Januar var ein månad rik på gode minne heilt frå bråk og ståk på nyttårsafta til katastrofefest i Strangehagen ved månadslutt. Somme skilde seg ut med særskild uvøren framferd, og vinnaren av vandrepokalen skal snart kårast. Kven går av med sigeren denne gongen?

torsdag, februar 16, 2006

Sjokkbileta er her!

Då eg var oppe hos Charlotte forleden kom eg over nokre svært interessante bilete fra vår alles favorittserie, Home & Away. Det klart mest spanande av dei var biletet som endelig bekreftar det vi (ihvertfall eg og Bjørnar) har frykta så lenge. At han slasken Kane tar Kirsty fra oss til slutt.

Meir koselig e det derimot at biletet også viser Noah og Hayley, endelig saman igjen. Det er med andre ord mykje spanande i vente!

Finn ut meir om Home & Away:
http://www.kaneandkirsty.com (Takk til Bjørnar)
http://seven.com.au/homeandaway
http://www.lyricstime.com/david-hasselhoff-heyla-heyla-lyrics.html

onsdag, februar 15, 2006

Test: Grandiosa Lørdagspizza

Pris: 48,- hos Rema
Smak: 4/6
Valuta for pengane: 2/6
Totalt: 3/6

"Vi har tatt sjansen på lage tidenes beste Grandis! Kokken vår har fått frie tøyler og har ikke spart på noe. Vi må jo innrømme at GRANDIOSA LØRDAGSPIZZA har blitt litt dyrere enn vanlig Grandiosa, men vi mener den er verdt hver eneste krone: Pizza med renskåret BIFF og saftige KJØTTBOLLER + RØMMEDRESSING- vi digger den!"

Stabburet slår virkelig på stortromma her når dei introduserer sin nye Grandiosa. Emballasjen har fresh og fin design og lovar mykje. Eg må sei at eg verkeleg gledde meg til å sette det første stykket i munnvika og kjenne kor saftige kjøttbollane var og kor reinskåre biffen var. Med en pris på 48 kroner er det også lov å forvente å bli sendt til frosenpizza-himmelen for ei kort stund. Det nærmaste konkurrentane er Big One, Mia og eit par andre (Dr. Oetker?) - alle saman pizzatypar som profilerar seg som noko ekstra enn standard Grandiosa eller Favoritt. Hard match!

Eg tima steikinga ganske perfekt og fikk ut ein rykande varm Lørdagspizza, klar til konsum ein regnfull onsdag. Ved sidan av drakk eg Lerum Eplejuice. Det første som slår meg er at den på same måten som Taco-varianten har den meir flate botnen samanlikna med standard Grandiosa. Dette likar eg dårlig - den mangler litt av luftigheten i botnen og blir ekkel å ete. Ein annan ting som skuffa meg var at det ikkje var tilsett meir ost, som eg meinar er essensielt for ein god pizza-opplevelse. Kjøttbollane var gode dei, men det var vanskelig å kjenne forskjell på desse og "biff"-bitane. Sausen smakar som på kjøttdeig og løk-varianten. Det er mogleg at Grandiosa Lørdagspizza hadde scora betre på smak dersom eg hadde brukt den medfølgande dressingen, men dette tvilar eg eigentleg på.

Dette kjem ikkje til å bli norske familiers laurdagsfavoritt - bruk heller 40 kr ekstra og lag ein ekte heimelaga pizza. Til det er den ikkje god nok, og i tillegg for dyr. Studentar, styr unna eller mot Big One!

Sommerjobb i kystbyen?

Flora kommune har lagt ut mender med fantastiske sommerjobbar!
Så mitt spørsmål går til kjetil...
Kva får ein i timen for litt blodslit hos kommunen?
Og e purkehola å anbefale?


For meir info sjekk ut:
www.flora.kommune.no

tirsdag, februar 14, 2006

Dusteprisen for februar

Oki vi nærma oss ny dustepris.. og i den anledning tenkte eg å starte ein liten tråd slik at vi kan finne ut kven som utmerkar seg til denne hedersprisen.

Derfor tenkte eg at eg skulle starte med å nominere meg sjøl. Det har seg nemlig slik at under opplæringa i student tv vart det skreve opp eit kontonummer som vi alle skulle betale den årlige medlemskontigenten på.

Flink som eg var noterte eg flittig dette kontonummeret ned i boka mi. Seinere under opplæringa "lånte" Daniel (type svardal 83 modell frå vår fødeby) den samme kladdeboka. Då eg fekk den tilbake hadde Daniel den klassiske eg-har-i-vært-fall-ikkje-gjort-nokke-galt looken. Men etter ein kjapp gjennomgang av boka slo eg meg til ro med at ingen større skade hadde skjedd. Trudde eg.

Men då eg, treig som eg er, ei uke seinere skulle betale inn medlemskontigenten. Slo det meg at kontonummeret til studenttv var utrolig likt mitt eget kontonummer i vår alles kjære lokale sparebank.

Men herre det er jo sikkert mengder av kontonummer som begynner på dei same tala tenkte eg og betale pliktoppfyllande min medlemskontigent. Nokre dagar seinare ringte Daniel nesten på gråten av latter og lurte på om eg hadde lyst at han skulle sette tilbake mine 150 kroner til min egen konto. Å grunnen til at dette kanskje kvailifiserer til månadens dust ser dykk av bilete av kontonummeret frå kladdeboka mi.

Kjærleikens dag


Ja gutar, i dag er det altså 14. februar - Valentines day! Dette er dagen for å sette ekstra pris på din utkåra, enten ho veit at ho er din utkåra eller ikkje. Overrask ho med frokost, lys, kjøp/lag ein liten oppmerksomhet, og det viktigaste av alt - fortel ho at ho betyr noko for deg. Krise! "Dette har eg gløymd!", tenkjer du. Men fortvil ikkje!

På armeriddere.uib.no fins redninga! Kreer enkelt og greit ditt personlige Valentines-kort og la ho bli sjarmert av ein musikkvideo med Mannskoret Arme Riddere. Love shines a light!

Ellers vil eg ynskje dykk alle hjarteleg velkommen til MARs 10-års Jubileumskonsert neste laurdag - kl. 15.00 i Gimle (20 m fra Vågen Fetevare, bak Korskirken). For kr. 70 får du blant anna sjå våre helter Jørgen og Anders utfolde seg i fri galskap.

Velkommen!

Joggeraport måndag 13. feb

Deltakarar: Bjørnar og Torbjørn
Tid: 30 min

Årets, ja faktisk historias første heilponderosianske joggetur fant stad denne dag. I strålande måneskin satte vi ut frå Ponderosa med kurs for Regnhytta. Og vi hadde ikkje komme langt på vår veg før vi traff andre joggarar, som etter kvart viste seg å vere medlemmar av koseringen, avd. Strangehagen som også var ute å jogge denne vakre vinterdagen.

Etter dette hyggelege møtet gjekk turen vidare mot Regnhytta. Der blei det utøying og ein liten pust i bakken før vi satte kursen tilbake. Tilbaketuren forløp utan større hendingar å rapportere om, sjølv om enkelte i joggeekvipasjen hadde behov for fleire pustepauser enn det som strengt tatt skulle vere nødvendig.

Siste anstrengelse var den vanlige spurten tilbake til Ponderosa, også denne gang var det Torbjørn som tok seieren, men med både tjuvstart og aktiv armbruk som slett ikkje høyrer heime i vennlig kappestrid, vil nok denne seieren alltid vere svært omstritt.

fredag, februar 10, 2006

Joggeraport, fredag 10. feb


Deltakarar: Anders, Torbjørn og Bjørnar
Tid: 45 minutt

På denne kvelden då dei olympiske vinterleikane startar i Torino bestemte tre unge menn i Bergen seg for å legge ut på joggetur. Gripne av den olympiske ånd la dei ned ein innsats som sjølv garva toppidrettsutøvarar som for eksempel den norske flaggebæraren under kveldens åpningssermoni, Pål Trulsen (bildet), ville blitt imponert av.

Turen gjekk frå Ponderosa og vidare langs store Lungårdsvann til vi kom til ei merkeleg bygning. Anders kunne fortelle at dette var Regnhytta, som skal være litt av ein opplevelse å oppsøke når det regnar. Både Bjørnar og Torbjørn synes det var svært interesant å høyre om dette.
Vidare gjekk turen tilbake langs Kalfarsveien (eller ein annan veg, fikk ikkje heilt med meg akkuart kva navn vegen hadde) og gjennom uoversiktelige laberintar før vår vegar skiltes på festplassen. Siste kraftanstrengelse var ein langspurt tilbake til Ponderosa. Torbjørn vant denne med ein liten halvmeter.

Vel innandørs blei det uttøying. Alle var einige om at det var ein fin tur.

torsdag, februar 09, 2006

Joggerapport, onsdag 8. feb

Deltakere: Håkon og Anders
Tid: ca. 35 min

Med iskald motvind var det kaldt for våre to helter å legge ut på tur denne kvelden tidlig i februar. Håkon hadde ikkje ullfrotté, lang, blå, mann, under, under, og såg seg nødt til å fryse litt meir enn Anders. Begge hadde lue på, Anders blå.

På fisketorget var det satt opp ein stor skjerm som viste bilde av "den blå propellen" som vi alle lurer på kva er. Den dukka nylig opp både som 3 sekunders reklame på TV2, og som reklameramme både på Dagbladet.no og VG nett. Kva er no dette for reklamepåfunn, tenker konsumenten. Kva er det som kommer snart? Er det eit nytt produkt eller tjeneste? Denne kommunikasjonsstrategien er lik den som Bergens Tidenede brukte før lanseringa av den nye kanalen sin, BTV. Og det er klart det funkar. Sjølv sitter eg her og sprer word of mouth til leserane av Koseringen, som igjen vil snakke om det i kantina på Ulrike Pihls i morra.

Fjellveien og heim. Uttøying. "Eg går i dusjen først eg, Håkon". "Ja greit". Gul kveld med kakao og Mohammed-teikningane-debatt på TV.

mandag, februar 06, 2006

Smør


Thiz one right here goez out to all da quackswakers i casa Ponderosa!
Gutar, ikkje sett smøret nede i kjøleskapet. Der nede er det abnormt mykje vatn. Å stå i dette trur eg ikkje er godt får smørets dygd.
Det var berre dette eg ville seia. Og så ville eg prøve å legge ut bilete i bloggen. Det har eg ikkje gjort før.
Lure på om det er noko i det folk seier om at ein ikkje har godt av for lite søvn?

søndag, februar 05, 2006

Blupp, blupp, blupp!


Jada! Mens eg har vore vekke i helga i sosialt samvær med 23 andre frakkekledde menn, har kosegutta heime i Strangehagen sett sitt snitt til å endeleg sette ein ny dunk Mr. Blupp. Vinråstoffet har vore ståande lenge på Søppelrommet, men desverre har vi mangla eit par essensielle ingrediensar før brygginga kunne ta til. Badet er no omgjort til bryggeri/badstu med 25 C i lufta og Mr. Blupp har starta å bluppe så smått. Om omlag to veker er gjæringa over og det blir mulighet til å smake på vinen, som er av typen Mosel Riesling (kvitvin). Vi gler oss!

lørdag, februar 04, 2006

Bremangernytt

I følge Firdaposten si nettside er første bekrefta artist til den årlege (og einaste) storhendinga i Bremanger, RockWeekend, klar. Artisten er DJ Jürgen. Dette skal være eit tiltak for dei som er meir innteresert i Weekend enn i Rock. Fleire enn meg som gledar seg til i sumar?

Status rapport ASAP!


Angelina Jolie unngikk så vidt en ørefik av en hissig Aniston-fan under et restaurantbesøk. Skriv VG no i kveld...

Bjørnar og Snorre... Ka e det egentlig som skjer når eg ikkje e heime???

torsdag, februar 02, 2006

Fredagsgraut i SV-kantina

Som vanleg skal Koseringens tre medlemmar frå avdeling Strangehagen også denne fredagen avvikle akademisk lesedag i tredje etasje på 'Ulrike Pihls'. I samanheng med lesedagen vil det bli grautspising i SV-kantina omkring kl. 13.00 denne dagen. Alle interesserte er sjølvsagt inviterte!

Stad: SV-kantina
Klokkeslett: 13.00 (sharp)
Mål: Grautspising (med mandel?)

onsdag, februar 01, 2006

Joggerapport, onsdag 1. feb

Deltakere: Anders og Håkon
Tid: ca. 30 min

Rolig runde på høyden rundt Nygaardsparken og tilbake. Liten pit-stop i Ponderosa for uttøying og diskusjon om Dusteprisen Januar. Kandidater som ble nevnt: Eirik "Trappa" Takle og Ole "Åsta" Jakob. Håkon var tung i pusten og klaga over smerter i høyre lunge. Vi håper på snarlig bedring.

10.000 feet, and rising..


(Dagbladet.no): Det er knapt måte på de fordeler høye menn har i forhold til de som befinner i lavere luftlag. Tidligere er det konstatert at høye menn har en fordel både i arbeidslivet og i kampen om kvinner - og nå har svenske forskere funnet at slike menn også gjør det bedre på utdanningsfronten.

- Vi fant en veldig sterk sammenheng. Det var nesten så vi ikke trodde det var sant (..)

Les meir på http://www.dagbladet.no/dinside/2006/02/01/456488.html

Kven er høgast i Ponderosa?