Koseringen

onsdag, mars 29, 2006

HelsetroyeUnited.tk

Ja, så var dagen komen. Den offisielle sida til verdast einaste fullbekledde helsetrøyelag er oppe og kjørar. Ta ein kikk då vel!

http://www.helsetroyeunited.tk

Oppsigelse av leieforhold

Vi sier herved opp leieforholdet vedrørende 2. etg. i Strangehagesmauet 12, regulert i leiekontrakt av 25.08.2004.

Bakgrunnen for oppsigelsen er at utleier selv skal disponere boligen, da vi trenger større plass i forbindelse med forestående familieforøkelse.

Vi vil i denne sammenheng takke for et godt leieforhold. Vi stiller gjerne opp som referanser dersom dette er nødvendig med hensyn til nye leieforhold.

-------------

KONDOLANSER MOTTAS MED TAKK!

Helsing Anders, Håkon og Kjetil
until then,
Fam. Strangehagen

tirsdag, mars 28, 2006

Sei velkomen til Helsetrøye United!

På denne dag, tysdag den tjueåttande i tredje klokka 1911, kom Torbjørn med nyhende om at han skulle ut og spele fotball. Dette vakte gilde kjensler hos oss andre, som også fekk hug til å praktisere den fiffe sporten. Dermed bestemte vi oss alle for å opprette Helsetrøye United, eit alternativ for studentar som ikkje er medlem av nokon studentorganisasjon.

Helsetrøye United vil vere eit idrettslag som sett gleden av fellesskap, fysisk aktivitet og ljuda av brotne bein høgare enn noko anna. Rekruteringsperioden er i gong, det er berre og melde dykk der ute! Vi treng fleire spelarar og ikkje minst nokon som kan lede kondisjonstreninga. Om nokon skulle vere interesserte er det berre og ta seg ein 5-6-8-9-18 øl og ringe Torbjørn midt på natta for påmelding.

Hjarteleg helsing
The founding fathers
Bjørnar "Purrelauken" Kristiansen
Snorre "Avokado" Seim
Torbjørn "Gulerota" Fjellestad

søndag, mars 26, 2006

Snart påsjeferie


Florøyna, Florøyna. Vi saknar deg litle ven. Du ligg stille i ro, men det er roen vi saknar. Uforandeleg, men det er det handfaste og ekte vi saknar. Sumarglede på Prata. Lange laurdagar på Snorre Senter. Smågodt og leigefilm på Video Vest. Handle inn til helga saman med mamma. NRK Sogn & Fjordane, føremiddagssendinga i bakgrunnen. Pappa les Firdaposten i stolen. Det knitrar i peisen. Ut og hente meir ved frå garasjen. Det knatrar frå ein moped som kjøyrer forbi nedi svingen. Vinden bles frå sør-vest og piskar Solheimsfjorden kvit. Mari øvar på pianoleksa si borti kroken. Per leikar med Lego på hemsen. "Brooom brom", seier han.

Bygda - vi lengta tilbake men vi kjøme aldri heim'gjen.
(Side Brok - Forstå Kar Me Kjøme Frå, del 1)

fredag, mars 24, 2006

Reisebrev frå Nord

Om lag tre og ein halv times reise, med den snøggaste båten, nordover ligg ei lita perle av ein kystby. Denne helga har eg tatt på meg oppdagarskoa og tatt ein tur med denne snøgge båten til denne perla.

Lokalbefolkninga gav eit utslettleg godt førsteinntrykk, og eg fann fort ei blond vakker jente som gjerne ville dele heimen sin med meg. Og det er på kjøkkenbordet i denne heimen eg sit no å skriv til dykk der heime. Utanfor vindauget kan eg sjå sola skin utover den blå himmelen og til og med litt på den fantastiske snøtunnelen eg laga på altanen i går kveld. For med godt å vel 30 cm snø skal det godt gjerast å la vere å bygge snømann, snøhule og den slags.

I kveld skal me hygga oss med kylling og idol. Og i morgo vert kanskje til og med ein liten aketur på føremiddagen.

Håpar alt er vel heime!
Dykk har vel laga ein ridande cowboy snømann utanfor heimen gutar?
Klemmar og den slags frå reisande onkel mac

tirsdag, mars 21, 2006

This one time at bandcamp..

Utanforståande lurer kanskje på kva eg gjer på når eg seier at eg skal på Korhelg på NHH. Er det synging av lekre kantatar og notepugging til den store gullmedalje? Eg gjev dykk herved eit lite innblikk i kormiljøet, fritt etter huksen:

Laurdag:

15.30: Ølkranene åpnar på NHH.
15.35: Kormatinée
18.25: Eg følar meg brisen.
19.15: UKEN serverar Lasagne ("Kun eitt rundstykke til kvar"). Mange forsynar seg grovt fleire gongar og kjøper meir øl på veg tilbake.
20.00: Revy. Det serveres øl. Nokon begynner å bli småfulle, og dei fleste ler av alle sketsjane.
22.15: Fest i kjellaren på NHH. Dr. Alban og Snap-fans byrjar å fylle etasjen over.
00.35: UKE-koret Optimum sel øl frå rommet sitt til 20 kroner stk. Folk dansar til Ghostbuster-songen.
01.42: Dr. Alban og Snap-fans byrjar å fylle kjellaren. Dei har langt hår i sleik bakover og store musklar. Eg føler meg likevel kjekkare i smoking.
02.51: Tospannet Jørgen og Aslak set på "Jag trodde englarna fanst" til enorm jubel, og folk dansar på bordene.
04.12: Taxi til Strangehagen.

Sundag:

12.00: Oppmøte Festplassen.
12.40: 250 personar tek 4 shottar sprit på rappen i øvre del av Nordnesparken.
13.10: Folk syng blant anna "Cotton Eye Joe" på karaoke med heliumgass på Hulen.
14.18: NHH-danseband spelar svensktoppar. Eg drikk tre øl.
15.00: Eg spelar trommer til "Jag trodde englarna fanst" med Jørgen og Aslak på vokal.
16.15: Eg føler meg rar når eg går gjennom byen på veg heim til Strangehagen.
18.00: NHH og velkomstdrinkar. Treng ikkje meir alkohol med det første.
20.00: Middag. På nokre av borda er dukane meir raude enn kvite.
06.00: Frokost på NHH. Utviklar seg etter kvart til eit katastofeområde.
07.15: Heime i Strangehagen. Kjetil står opp. Eg legg meg, og møter ikkje opp til forelesning 08.15.

Gult i frammarsj

"Den Gule Revolusjon" er stadig i vekst i næringslivet, og det vart i dag klart at også ein kulturorganisasjon tek det store steget: Festspillene i Bergen har valgt gult som årets farge.

– Det å bevare er ensbetydende med å måtte forandre, sa festspilldirektør Per Boye Hansen då han presenterte den nye visuelle profilen tysdag.

Beslutninga om forandring kom etter at styret i Festspillene fekk tilbake markedsanalysen frå konsulentselskapet Strangehagen Media, som er lokalisert på Verftet. Dei kunne konkludere med at ein ny visuell profil med fargen gult som hovudelement vil vise at Festspillene er nyskapande, solide og litt galne.

- Gult vil om eit par år vere for designarane det Mr. Blupp no er for vinsmakarane. Den nye vinen altså. Med utgangspunkt i den yngre generasjons galskap, morroleikar og livlege uteliv har vi skapt ein profil som det verkeleg smakar fugl av, meiner merkerådgivar Håkon Ingebrigtsen i Strangehagen Media.

Og det er slett ikkje sikkert at han tek feil. Berre den siste månaden har sju forskjellige organisasjonar implementert Det Gule Programmet, som er ein såkalla mediepakke levert av dei største profilbyråa i Bergen. No gjenstår det berre å sjå kor lenge VG tør halde på sin noko sletne medieprofil.

Per Boye Hansen er ikkje i tvil.

- Framtida er gul, smilar han.

Ler meir på http://www.bt.no/kultur/article254113.ece

søndag, mars 19, 2006

Skal vi danse?

Med ganske stor sikkerhet får du nok berre eitt svar frå meg: NEI! Enkelt og greit. Eg likar ikkje å danse!
Det er riktignok mykje eg ikkje likar å gjere. Eg likar ikkje å vaske opp, eg likar ikkje å jobbe bakpå en bossbil ein heil sommar og eg likar heller ikkje å stå opp tidleg for å gå på førelesning. Alle desse tinga gjer eg likevel då dei gir meg ting eg likar. Eg likar reint bestikk, eg likar pengar og eg likar å kunne pensum på eksamensdagen. Kvifor skulle eg då danse? Vil det gi meg noko tilbake som eg likar? Dette er noko eg har tenkt litt på i det siste. Sjølv om eg eigentleg burde tenkt på korleis lobbysime kan fungere som ein kanal mellom borgarane i Europa og den Europeiske Kommisjonen, har eg likevel tenkt på dette med dansing.
Nokre meiner at dansing er bra for å imponere jenter, og eg likar jenter. Likevel, dersom ein brukar dans for å imponere jenter vil ein ende opp med ei jente som likar å danse. Ein vil då finne seg sjølv i ein situasjon der ein blir tvungen til å danse uten å måtte imponere nokon. Det likar eg ikkje.
Andre seier at dans er bra trim, og eg likar å kome i form. Heller ikkje dette overbevisar meg. Ein dansar ikkje åleine, ein dansar saman med andre folk. Dersom eg trimmar blir eg svett, dersom eg dansar vil eg altså bli svett tett innpå andre folk, som også er svette. Det likar eg ikkje.
Du lurar kanskje på kvifor eg skriv alt dette. Har eg eit formål med alle desse orda? Ja, det har eg. Dersom nokre av de som les dette nokon gong opplever at eg svingar meg ute på gulvet ein sein kveld på Kvarteret; det er ikkje noko eg vil, det er eit stille rop om hjelp! Ser de dette; få meg bort frå gulvet og send meg heim!
Så finns det kanskje noko nyttig ved dansing allikevel.

torsdag, mars 16, 2006

Fattern?


"Fattern - Actionhitz for Ninjaz"
Kva er dette? Har Kjetil gått solo?!

Plata inneheld hitz som "Jeg er Fattern", "Stilongs", "Bæsj i noens hage" og "Trond pølse".

http://www.platekompaniet.no/cdproduct.asp?id=9855002

tirsdag, mars 14, 2006

Den unge manns guide til oppvask

Det å vaske opp er, av naturlege grunnar, ikkje noko ein ser fram til med glede. Å vaske blir sett på som kjedelig, men likevel så er det likefult noko som ein før eller seinare må gje seg i kast med. I dag var ein slik dag. Ikkje det at det var absolutt nødvendig, det har vore mykje større oppvaskar her i Ponderosa, men erfaringsmessig har eg funne at det lønnar seg med reglmessige, små oppvaskar, i staden for å utsette jævelskapen til oppvaske utgjær ein trussel om liv og helse. Altså, det ein treng er: ein svær haug av brukt bestikk, talerknar, gryter og liknande, varmt vatn, oppvaskmiddel og oppvaskkost. Det finnst folk som brukar hanskar under oppvasken, men dette er gjerne folk som likar volleyball, blomsterdekorering og interiørdesign, men det skal vi ikkje gå nærare inn på. Kanskje er denne bruken av hanskar eit resultat av at vi lever i eit postmaterialistisk samfunn, og hendene vår føle behov for sjølvrealisering? Kanskje eg burde bruke dette som tema for ein oppgåve ein gong?
Men tilbake til saka: eg finner ofte at det er hensiktsmessig å skylle alle smuler, saus, matrester og den grønne gugga som holder på å utvikle seg til ein eigen livsform bland restane av potetstappen frå forrige torsdag, vekk frå oppvask-objektet før ein set i gang med å vaske. fyll varmt vatn i vasken. Ein god temperatur er når det kjennest som om neglene din holder på å bli opplyst grunna for varmt vatn, med dette er ikkje noko å bry seg om. Dette er god smerte. Reingjer så oppvasken med dertil egna redskap, bruk faste, mannlige bevegelsar så går det bra. Underhold gjerne deg sjølv med musikk eller anna passande underholdning når du ut.fører vaskinga, og gjer såleis det heil om til ein positiv og givande opplevelse. Unn deg sjølv noko godt etter utført oppvask, for eksempel ein kald voksenbrus, litt munngodt eller napp litt i løken. Gå så ut i verda (viss du valgt siste eksmpel på "noko godt", så bør du vaske deg først) i visshet om at du har gjort ei god handling for samfunnet.

mandag, mars 13, 2006

Eit skikkelig fælt dikt del2

No kjem analysen av det fryktelige diktet eg "posta" tidlegare. Eg kjem ikkje til å ta stilling til metrikk, rytme og rim i diktet, men fokusere på innhald og billedbruk.

Bakgrunn:
Diktet er postmodernistisk, og kan oppfattes som ein kritikk mot mykje av etterkrigslyrikken i Noreg. På 80tallet var det dessuten typisk å bruke kroppen til å beskrive lyrikk og poesi, og dette kjem klart fram i diktet.

Strofe for strofe:
Str. 1: Bilete på Wergeland. Tok tak i ræva, blomster kjem ut - Alt han tar i blir til gull. Forgyllen poesi.
Str. 2: Etterkrigspoesien. Ein anna mann forsøkjer å kopiere Wergeland. Men fingrane hans forsvinn i rumpeholet.
Str. 3. Jeg-person. Søker etter poesiens kjerne i forhistorien, men kopierer ikkje.
Str. 4. Dilemma, vil han vere ein Wergeland?
Str. 5. Nei, han bearbeider det han har lært igjennom poesien. Poesi kjem naturleg for han ("Når jeg driter meg ut blir det dikt")
Str. 6. Ein fengjande slutt. Analmembran - nyskapa ord, symbolikk for å vise at han skaper noko nytt med poesien sin.

Ein kan altså sjå diktet som kritikk og samtidig ein ledetråd for 80tallets poetar. Sjukt eller kva?

torsdag, mars 09, 2006

Eit skikkeleg fælt dikt

Eg er ein av dei som har fått streng beskjed om å skjerpe meg når det gjeld antall "post" i Koseringen, så eg tenkte at eg skulle gjere noko med akkurat det. Vi held for tida på med diktanalyse på Nordisk og forleden dag hadde vi om Øyvind Berg sine dikt. Han er ein av dei mest markante debutantane på 80tallet i Noreg. Her er eit litt snodig dikt av han:

En mann kom inn i dusjen. Han lente seg
forover, tok tak i ræva og lot
fingrene løpe. De kom ut med hver sin blomst.

En annen mann, som så dette, ville ha
blomstene og prøvde fange fingrene, men de
forsvant opp hans åpninger, én etter én.

Og nå får han dem ikke ut, sier jeg
som så alt og som søker, her, etter
luft under rasshølet:

Vil du ha denne blomsten?

Nei, jeg skriver ikke, jeg spiser fingre,
Når jeg driter meg ut blir det dikt.

Når analmembranen synger.

tirsdag, mars 07, 2006

Den store frykta

Vi har vel alle opplevd det ein gong, den store frykta. Frykta for mat som er gått ut på dato. I mitt tilfelle skjedde dette i går, og innvolverte ein pakke kalkunservelat. Eg stod der på kjøkenet, innstilt på å ete to brødskiver til kveldsmat. Men so såg eg på pakken. Best før 06.03.06 sto der, altså i dag (i går, altså). Maten eg skulle ete var altså best før. No var den altså ikkje så god lenger. Maten lukta heilt greit den, og det var ingen synlige tegn til misfarging eller andre uhumskheter, og det var jo trass alt berre snakk om eit par timar over best før - datoen, men samtidig kunne eg ikkje heilt fri meg frå tanken om at eg no berre var eit tygg frå pest og kolera, fugleinfluensa og e.coli - bakterier, tyfis, spunk, inngrodde tångeler, alt dette var berre ein liten smakebit unna. Kva garantier hadde eg for at ikkje ein einaste liten smak kunne føre til at litjkar'n blei grøn og datt av meg her eg stod? Absolutt ingen!!

Men til slutt åt eg brødskivene mine likevel. Så til alle dokke basehopparar, fjellklatrarar og liknande: ta dokke en bolle - eg e tøff, eg!

søndag, mars 05, 2006

Stav ord

SMS-ordboka på telefonen min er god. Men den er ikkje komplett på Florø-dialekt og mine personlege uttrykk. Difor må eg mange gongar til med å stave ordene sjølv slik at dei vert lagt inn i ordboka til seinare bruk. I dag oppdaga eg moglegheiten til å finne ut kva for ord eg har lagt inn på kvar forbokstav. Her kjem dei ordene eg ikkje fann på ordboka, tydeligvis i kronologisk rekkefølge, bokstav A til F:

Bobo, Bip, Boys, Buy, Booking, Backstage, Bakfulle, Betingning, Ciao, Bilderamme, CDen, Åjada, Aking, Allah, Blogg, Blup, Casa, Ananas, Bøling, Alright, Bosset, Bortom, Amy, Beer, Brandsøy, Æsj, Aslak, Aslan, Bassist, Askepott, Apollon, Apple, Bulk, Buttons, Btw, Dåkke, Forretningsmiddager, Fruer, Frotté, Filifjong, Dansetimen, Fellesaktiviteter, Depping, Festing, Dansing, Dinna, Fiskepinner, Eldorado, Fjong, Fjompenissen, Floss, Flow, Feel, Føla, Foretaksstrategi, Fløien, Fnis, Day, Forspiel, DVD, Etg, Funket, Duste, Dybdahl, og Exodus (!).

Eg synes det er litt skummelt at eg har fått bruk for alle desse ordene i meldingar, og det kan vel hende at eg kan trekke ut einskilde hendelsar frå ordbok-arkivet. Noko å forske på for lingvistikkstudentar?

lørdag, mars 04, 2006

Draumetydning

Tenkte eg skulle bidra her på koseringen litt igjen. Det eg tenkte å fortelle om var ein draum eg hadde i forrige veke som dukka opp i hovudet på meg igjen i går, i samband med den fyrste idolfinalen i 2006. Draumen gikk nemlig ut på at eg var ein av finaledeltakarane. Eg skulle då, med mi sansyleg vis fantastiske stemme, synge ein sang av The Beatles. Problemet var at like før eg skulle på scena så gløymte eg heilt kva det var eg skulle synge. Eg var som sagt klar over at det var ein Beatles-sang, og også at det var ein sang frå Abbey Road - albumet. Men eg kunne altså ikkje huske kva det var eg skulle synge. Dei altid like festlege programledarane trøysta meg så godt dei kunne med at eg sikkert huska sangen når eg høyrde musikken. Men då eg sto der på scena foran publikum og alle tv-sjåarane, og musikken kom viste det seg til min forskrekkelse at arrangørane slett ikkje spelte den sangen eg hadde tenkt å syngja, men ein nymotens hip-hop-versjon av sangen. Eg vart då so skuffa og vinbroten at eg gikk rett av scena. Eg fekk sansynligvis hardt medfart i tabloidpressa dagen etter, men før Dagbladet og VG rakk å gå i trykken hadde eg vakna.

Kva alt dette betyr er eg usikker på. Har eg ein stor mulighet foran meg, eller er det slik at eg er ein slik som altid drit på draget når eg har sjansen til noko stort? Om det skulle være nokre hobbypsykologar som skulle ha peiling på dette, så vil bidrag bli mottekne med takk.

Statistics

Det er svært varierande kor mykje kvar deltakar på Koseringen postar. Nokon periodar kjem det mykje nytt, andre gongar kan det gå ei veke mellom kvart innlegg og ein spør seg om det ikkje skjer noko som helst gøy/rart/interessant i dei to leiligheitane. Her kjem ei oversikt:

1. Bobo: 51.4 % (19)
2. Bjørnar: 18.9 % (7)
3. Torbjørn: 13.5 % (5)
4. Håkon: 8.1 % (3)
5. Snorre: 5.4 % (2)
6. Kjetil: 2.7 % (1)

Leilighetsvis vinn Strangehagen statistikken med 62.2 % av innlegga (23 stk.), men fordelinga av innlegga er langt betre i Ponderosa. Vi kan konkludere med at dei tre nederste på liste må ta seg sjølv i nakken og sørge for at Koseringen også i framtida vil være ein felles interleilighetskulturell møteplass og fritt pusterom fra kvardagens kjas og mas.

Kino kveld i kveld?

21:10 går ein film med sterke tilknyttningar til eit skummelt miljø!
Sånt likar vi, derfor stiller Ponderosa 2 mann, 2 mann alle!
Andre som vil vere med å sjå Gymnaslærer Pedersen må bare melde seg på!

Joggerapport: fredag 3. mars

Deltakere: Ingen
Tid: 0 min

Koseringen er i forfall.

fredag, mars 03, 2006

Oppslagstavla: Fredagsjogg ca. kl 18.30

God helg alle saman! Eg vil med dette invitere alle interesserte til fredagsjogg, i dag, fredag, i kveld, rundt litt etter middagstider. Det er godt å kome saman og utveksle mandig brunst og svette i felles kroppsarbeid, så også i jogging. Ein frisk løpetur på tampen av veka er ein stimulerande start på ei helsehelg for deg og familien din. Kom bli med!

Strangehagen Joggelag
- Svett og sleten i all slags vér

onsdag, mars 01, 2006

Joggerapport, onsdag 1. mars

Deltakarar: Håkon og Anders
Tid: ca. 40 min

Det var eit litt halvrustent joggepar frå Strangehagen som la ut på tur denne onsdagskvelden. Veka har sålangt vore kjend for låge temperaturar og iskald vind, noko som ikkje akkurat hjelp på motivasjonen. Det var lenge sidan eg, Bobo, hadde vore ute på springetur og formen var litt skral.

Turen gjekk langs Fisketorget, Bryggen, og eit godt stykke ut i Sandviken. Vi utforska festningen, og på toppen av eit bygg blåste det kaldt. Håkon kunne fortelle meg at her kjempa Bergensianarane med sverd mot filipinske sjørøvarar allereie på 1600-talet, og vi kunne registrere gamle kanonkuler som låg halvveges oppe i dagen. Dei vitna om fordums storslagne kampar med eld og varm olje frå murane. Dei brende stråhusa ved å ri inn og kasta faklane sine på taka. Ungane skreik i smaua og kvinnene vart tekne med ombord på sjørøvarskipa og omskolert til 'gledespiker', solgt på det asiatiske markedet for 30 dalar stykket.

I skogen bak festningen holdt det til ein kar ved navn Robin. Saman med venane sine gjekk han inn for å knerte sjørøvarane ein gong for alle. Dei smidde sverd, piler og økser og sette opp feller for fienden. Ein barsk og stor utestad ved navn Lille John var også med, skjønt ofte berre fordi han var morosam og hadde så ruvande latter.

Og snipp snapp snute så var joggeturen ute. God natt.

Vinterferiebetraktningar


Det er veke 9, og tid for vinterferie. Til no har eg ikkje gjort så forferdelig mykje - lest litt på U. Pihl og tatt livet med ro. I dag var vi ein gjeng som bestemte oss for å dra på sjøna. Morrokofferten var med, innehaldande sjørøverflagg, lapp over auget, russisk befalshatt, samt Shanty-CD og songhefte. Turen gjekk litt rundt om kring på Pudden, langs land heile Sandviken og ut til Eidsvågneset badeplass og ein tur inn på Vågen. Jommen santen kom ikkje Kommandøren susande forbi oss og?

Men det eg lurar på er kvifor så mange sit og les for harde livet, som om det ikkje er vinterferie i det heile? Kjetil har aldri stått så tidleg opp kvar dag og Håkon les flittig som alltid på lesesal. Mange eg kjenner jobbar tydeligvis overtid i sine respektive bedrifter også! Kvifor? Kom ut i sola og nyt at det endeleg er ferie!